Ei jente på flukt. Ein gullsko i gjørma. Livgjevande vatn. Eit blikk som skjuler historiar om død, terror, overgrep. Se bileta til Kirkens Nødhjelps fotograf Håvard Bjelland i Os kyrkje og Tunet. Trygve Skaug har sett ord til bileta, og saman skapar utstillinga kjensler som sinne og håp, kjærleik og sorg.
- Eg forsøker å dokumentere folks evne og vilje til å gjere det beste ut av situasjonen dei er i, uansett kor ille det er. Eg vil vise den ukuelege trua menneske i naud har på å oppnå verdigheit og et betre liv, seier Håvard Bjelland. Han er busett i Os og reiser rundt for å dokumentere behov, og at det nytter å hjelpe. Snart er det duka for Fasteaksjonen 2023, den nest største innsamlingsaksjonen i Noreg der ungdommar i heile landet stiller opp i solidaritet med menneske som treng hjelp.
Utstilling i Os kyrkje
Utstilling utanfor Tunet Kyrkje- og kultursenter
Utstilling utanfor Tunet Kyrkje- og kultursenter