Dei tre fyrste sommerferiedagane, onsdag 24. til fredag 26. juni, inviterer Os kyrkjelyd til Skapingsdagar for born som er fødd i 2018 og 2019. Invitasjon kjem i posten til alle døypte i Os i desse årskulla, men alle er velkomne til å delta.
Kurstilbod og påmeldingsskjema er enno ikkje opna, men vil bli klart her på nettsidene våre i månadsskiftet april-mai.
Merk av datoar i kalenderen, og følg med for oppdatering!
Kva er skapingsdagane?
Skapingsdagane er tre dagar med skaparkraft! Dei to fyrste dagane jobbar borna i grupper med ulike aktivitetar dei sjølv har vald. I år blir det mellom anna graffiti & måling, klovneskule og teater og andre kurs innan musikk og handarbeid. Dyktige kursleiarar støtter arbeidet fram mot utstilling og framsyning på dag 3, der foreldre og andre kan oppleve "Skapingsgudsteneste" på Kyrkjeflaten og sjå kva vi har skapt i lag.
Dagsrytmen:
09.00: Registrering og morgonsamling i Os kyrkje
09.30: Skapingsøkt
11.30: Lunsj og leik - Borna tar med matpakke. Dei får drikke og frukt.
12.30: Skapingsøkt
15.00: Slutt. Barna hentes i Os kyrkje.
Kven? Born fødd i 2018 og 2019 (1. og 2. trinn)
Når? Onsdag 24. - fredag 26. juni 2026
Kva? Tre dagar med skaping, undring og leik i lag!
Gruppene blir leia av erfarne kunstnarar, men kanskje du som vaksen har lyst til å vera med?
Vi treng frivillige til å:
- Hjelpe til på eit av kursa — 1, 2 eller 3 dagar.
- Vere lunsjvakt (kl 11.15-12.45 kvar dag)
Kanskje har barnet besteforeldre som vil hjelpa til?
Skriv deg/dei inn ved påmeldinga. På førehand takk for hjelpa!
Det vil vere ein deltakaravgift på dette arrangementet på ordinær kr. 600. Ingen skal likevel måtte utebli grunna økonomi. Har de utfordringar med å betale kontingenten, trengst inga forklaring - ikkje nøl med å ta kontakt med dagleg leiar Sigurd Rotvik Tunesveit.
Om barnet ditt har behov for individuell oppfølging / tilrettelegging er det svært viktig at de melder frå om dette på førehand. Skriv kommentar ved påmelding eller ta kontakt, så vil vi gjere vårt beste for at ditt barn får ei god oppleving!
Vi gler oss til å dele desse dagane med deg!
