I Os kyrkjelyd har vi ca. en søndag kveld i månaden Aldri Åleine for 5-7.klassingar (tweens) frå 18.00-19.30.
Då leikar vi litt, har ein lita undring rundt tru, ein kahoot og avsluttar med pizza og brus (frå ca.19.00). Pizza og brus er i lag med 13-15-åringane, for dei har samling frå 19.00-20.30.
Vi har lyst til å invitere med 4. klassingane dei tre siste gongane før sommaren. Datoane er 30.mars, 27.april og 25.mai.
Har dykkar 4.klassing lyst til å komme, så er dei hjarteleg velkommen. Kjenner de andre 4.klassingar som har lyst er det berre å invitere dei med.
Men gje oss gjerne eit “pip” om dei kjem eller ikkje, slik at vi kan bestille inn nok pizza.
Sjå kontaktinfo under