Lys Vaken handlar ikkje om å vere vaken heile natta. Det handlar om å vere vakne for det som skjer rundt oss. Vi skal vere vakne for kvarandre, for Gud og for oss sjølve.
Arrangementet er gratis.
Gjer deg klar for ein fullstappa ettermiddag og kveld med masse kjekke aktivitetar, leiker, sosialt og mykje god mat! Vi skal ha Os kyrkja heilt for oss sjølve, underøke kyrkjerommet, og ha gudsteneste på kvelden i eit kyrkjerom som ser heilt annleis ut i haustmørket.
I isbaren kan du legge inn di bestilling! Det blir haugar av ulike typar is, strøssel, sausar, snacks og anna tilbehøyr. Vi avsluttar kvelden med musikk, glowstiks og kveldsbingo - med fine premiar!
Vi skal vere både i Os kyrkje og i Tunet kyrkje- og kultursenter. Velkommen!
Meld deg på her innan: søndag 8. november.
Vi treng hjelp av nokre foreldre/besteforeldre/andre til matservering og til dei ulike aktivitetane. Meld deg via påmeldinga, eller ved ta kontakt. Tusen takk!
Pakkeliste og meir informasjon kjem på mail nokre dagar før arrangementet.
Ta kontakt med Kristine Fjeld på kf253@kyrkja.no / 41426859 ved spørsmål.
