Lys Vaken handlar ikkje om å vere vaken heile natta. Det handlar om å vere vakne for det som skjer rundt oss. Vi skal vere vakne for kvarandre, for Gud og for oss sjølve.
Arrangementet er gratis.
Vi skal leike saman, eksperimentere med lys, og sjå om det er mogleg å ha glowsticks stafett i mørke!
Vi skal ha Os kyrkja heilt for oss sjølve, undersøke rommet, og ha gudsteneste på kvelden i eit kyrkjerom som ser heilt annleis ut i haustmørket.
Soveposane skal rullast ut i kyrkjebenkene, og medan vi ligg der og slappar av, får vi vere med på ein
soveposekonsert! Det blir refleksløype ute, og kanskje får vi besøk når vi sitt rundt bålet?
I den nylaga isbaren kan du legge inn di bestilling! Det blir haugar av ulike typar is, strøssel, sausar, snacks og anna tilbehøyr. Vi avsluttar kvelden med popkorn og kveldsbingo - med fine premiar!
Meld deg på her innan: søndag 26.oktober.
Vi treng hjelp av nokre foreldre/besteforeldre/andre til matservering og til dei ulike aktivitetane. Meld deg via påmeldinga, eller ved ta kontakt. Tusen takk!
Pakkeliste og meir informasjon kjem på mail nokre dagar før arrangementet.
Ta kontakt med Kristine Fjeld på kf253@kyrkja.no / 41426859 ved spørsmål.