Den timen vi er samen, skal vi leike, synge, høyre om Jesus, og du skal få 6-årsboka og eit aktivitetshefte. Så håpar vi at du også vil ta med deg skulesekken din, slik at vi kan få sjå den, og du kan putte boka di i sekken. Det er fint om du og familien din kan komme klokka 10.45, så får vi registrert deg, du får god tid til å finne ein plass, og vi kan øve på å gå i prosesjon.
Ingen fest utan noko godt å ete! Etter gudstenesta er alle invitert på kake/bakst i kyrkjerommet.
Påmelding
Her kan du melde deg på innan 27.august.
Tilretteleggjing/spørsmål:
Alle barn kan delta! Har barnet ditt behov for tilrettelegging ta kontakt eller kommenter i påmelding.
Lurer du på noko? Ta kontakt med Kristine Fjeld, kf253@kyrkja.no, 414 26 859.
Til dei som ikkje har moglegheit til å komme til kyrkja denne dagen har vi to viktige beskjedar:
- Kjære 1.klassing: du er allereie heilt førsteklasses! Vi heier på deg og ynskjer deg ein god start på skulen!
- Ynskjer dykk å få 6-årsboka med aktivitetshefte ta kontakt på mail, så kan dette hentast på kyrkjekontoret.
