“En fantastisk konsert (...). Bodil sin utrolige stemme var som en stemmepensel som malte skog, hav og fjell i vakre strøk/farger og forsiktige streker. Nydelig.”
- Arve J. Nilsen, publikummer, Bergen Kirkeautunnale 2021
Songaren og komponisten Bodil Rørtveit opnar konserthausten i Os kyrkje med sin "Vokalise for den blå planeten". Vokalise betyr song utan ord. Dette er ein poetisk og meditativ konsert – ein hyllest til naturen og planeten vår, skogen, havet og fjellet. Bodil ønskar å skape rom for ettertanke og ny inspirasjon gjennom langstrakte melodilinjer og lydlandskap inspirert av vakker og storslått natur. Ho utnyttar si fleksible stemme og skapar eit vokalorkester med sin Loop Station.
Saman med regissør Ingrid Askvik utvikla Bodil denne konserten til Bergen Kirkeautunnale 2021, og dei utnyttar heile kirkerommet som konsertarena. Bodil sin musikk er inspirert av tidlegmusikk, folkemusikk, fuglar og andre naturlydar.
Bodil Rørtveit har dei siste åra gjort seg bemerka som ein uttrykksfull songar med stor stemme. Ho ønskar å inspirere og skape tilhørighet og har ei leikande haldning til musikken. Ho har samarbeida med store institusjonar i Bergen, som Bergen Filharmoniske Orkester og Festspillene i Bergen og har fått gode kritikkar på prosjekta sine. Bodil underviser også i jazzvokal ved Griegakademiet.
Medvirkande:
Songar/komponist/live looping: Bodil Rørtveit
Lyddesign: Thorolf Thuestad
Regi/dramaturgikonsulent: Ingrid Askvik
Produsent: Syv mil AS ved Hjørdis Steinsvik
Billettar kan kjøpast på ticketco eller i døra med Vipps. Prisen er 250 kr for vaksne og 100 kr for dei under 16 år. Ved å bruke rabattkoden "Sangfugl" får du eit ekstra godt tilbod på billettane!
Vel møtt!
(Foto: Jørn Lavoll)