Vi ynskjer at du som bidreg fast til vårt arbeid skal få kjennskap til det store arbeidet som pågår, og bli mint på kor verdifullt ditt bidrag er. Pengane som kjem inn går til aktivitetar for born og ungdom, møteplassar for eldre, vedlikehald av «storstova» Tunet kyrkje- og kultursenter, diakonale tiltak for einsamme, innvandrarar og sørgjande, og mykje meir. Utan frivillige gåver går ikkje dette rundt. Slik bør det kanskje òg vera – kyrkja byggjer vi i lag. Samstundes vil vi i 2026 jobbe aktivt med å få nye faste gjevarar, om enn med små beløp. Vi treng mange lokale støttespelarar med på laget!
Du kan både bli fast gjevar og justere gåvebeløp via Vipps.
No mot slutten av året minner vi om at Du kan få skattefrådrag for gåver inntil 25.000 kroner til ideelle føremål årleg. Har du ynskje og høve, kan du gje ei gåve til vårt arbeid via VIPPS ved å gå inn på våre nettsider her.
Til deg som er fast gjevar og bidragsytar til kyrkja sitt arbeid, eller ynskjer å bli det: Tusen takk for at du er med!
Vil du bli fast gjevar, delta frivillig i kyrkjelydsarbeidet eller vite meir om kva du gir til, les meir nedanfor eller ta kontakt med oss!
