Ønskjer du å vere vikar i Bjørgvin bispedøme?
Bjørgvin bispedøme har til ei kvar tid bruk for vikarar i prestetenesta. Behovet gjeld særleg ved feireavvikling om sommaren, men òg elles i året.
Du søkjer ved å fylle ut og sende registreringsskjema og CV til Bjørgvin bispedømeråd om du er interessert i vikarteneste hos oss. Alle vikarar må fylle ut registreringsskjema. På skjemaet kan du skrive inn aktuelle prosti og evt. andre ynskjer, så tek vi kontakt med deg. Det er prosten som avtalar arbeidstid og arbeidsstad. Om du endå ikkje er ferdig utdanna Cand. theol. med praktikum eller tilsvarande, er det fint om du skriv litt om kor du er i studieløpet og erfaring elles frå arbeid i kyrkja.
Bjørgvin bispedømeråd stiller krav om at alle som vert tilsett i stilling som inneber omsorg for eller oppgåver knytt til mindreårige, må vise fram tilfredsstillande barneomsorgsattest (politiattest) jf. kyrkjelova § 29. Dette gjeld alle prestestillingar, uavhengig av stillingsstorleik.
Her finn du skjema for reiserekning for vikarar som skal verte brukt ved køyring i tenesta. Sjå elles under fana "for tilsette" for annan informasjon for tilsette i Bjørgvin bispedøme.
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål!