Sokneprest i Søre Sunnmøre prosti, med sokna i Herøy som særskild tenestestad. Søknadsfrist 05.05.23

Søre Sunnmøre prosti har ledig ei stilling som sokneprest, med særskilt teneste i sokna Herøy, Indre Herøy og Leikanger.

Kyrkjene i Herøy

Vi søkjer etter ein prest som trivs med å arbeide tverrfagleg som ein del av ein stor kyrkjestab, men også kan arbeide sjølvstendig, der det trengs. Det er 3 sokn og 3 kyrkjer i Herøy kommune/ fellesrådsområde: Leikanger, Indre Herøy og Herøy.
I Herøy arbeider vi med heilskapeleg tenkning kring både gudstenesteplanlegging, diakoni, kyrkjemusikk og trusopplæring.

På denne lenka kan du lese meir om stillinga

På denne lenka kan du søkje på stillinga

Herøy kyrkje er kanskje «Norges mest mangfaldige kyrkje», ei kyrkje som er i bruk kvar dag og fleire gonger om dagen. Her er ein aktiv og levande kyrkjelyd med eit rikt song og musikkliv, mellom anna kyrkjekor og eit nystarta Knøttekor. Kyrkjelyden har eit godt samarbeid med andre organisasjonar i lokalsamfunnet og den vidaregåande skulen som ligg like ved Herøy kyrkje.

Herøy er ein øy-kommune, og midt i Herøyfjorden ligg øya Herøy som er «Nøkkelstad på Kystpilegrimsleia». Det betyr at prestane har også fokus på å vere med å vidareutvikle pilegrimstilbodet på nøkkelstaden.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"