Vi søkjer etter ein prest som har lyst og evne til å vera med på å vidareutvikle trusopplæringsarbeidet i sokna våre, og som samstundes trivs med bredda i prestearbeidet. Denne stillinga passar godt for ein som er nyutdanna og som trivs med å arbeide saman med eit kreativt, opent, internasjonalt og aktivt team. Det er 6 sokn og 6 kyrkjer i Volda kommune/ Fellesrådsområde: Volda, Dalsfjord, Kilsfjord, Austefjord, Hornindal og Storfjorden.
Det er soknepreststillinga i Kilsfjord og Dalsfjord som er ledig no. Soknepresten har sete i begge sokneråda.
Dalsfjord kyrkje er ei korskyrkje, bygd i 1910. Her er ein aktiv og levande kyrkjelyd med eit rikt song og musikkliv. Kyrkjelyden har eit godt samarbeid med søndagsskulen og den lokale speidargruppa. Kvar sommar arrangerer kyrkjelyden «Dalsfjordleir» for barn og unge i området. Kyrkja i Kilsfjord er ei arbeidskyrkje frå 1974. Her er det god plass til å drive kyrkjelydsarbeid for store og små. Kyrkjelyden ynskjer å vere ein plass der alle er velkomne!