Folkekyrkja står sterkt i dette området og innbyggjarane er glade i kyrkjene sine. Sokna ynskjer seg ein prest med visjonar og lyst til å vere med å drive kyrkjelydsarbeid for alle aldersgrupper. Ny gudstenesteordning og trusopplæringsplanar gir mange spennande utfordringar i tida framover.
Saman med Norddal, Stordal, Sunnylven og Geiranger sokn utgjer dette eit samarbeidsområde med tre sokneprestar. Prostiet er tenestedistrikt. Prestane møtest regelmessig til kollega- og fagsamlingar.
I samarbeidsområdet er det to trusopplærarar i 150 % stilling, og deler arbeidet mellom alle sokna i samarbeidsområdet.
Etter gjeldande gudstenesteforordning får Stranda sokn 41 hovudgudstenester på søn- og helgedagar, og Liabygda 16 for året.