MEDLEMMER:
I Møre og Romsdal er det om lag 265 000 innbyggarar. Av desse er omlag 216 000 medlemmer i Den norske kyrkja. Det gjev ein medlemsprosent på kring 82 %.
INNDELING:
Bispedømet er delt opp i 6 prosti og 95 sokn.
STILLINGAR:
Bispedømerådet er arbeidsgjevar for omlag 80 faste prestestillingar, - prostar, sokneprestar, kapellanar og prostiprestar. Bispedømerådet er òg arbeidsgjevar for dei tilsette ved bispedømekontoret. Her er vel 14 årsverk fordelt på 16 personar.
FELLESRÅD:
Det er 26 kyrkjelege fellesråd i bispedømet, med eit par unntak følgjer desse dei nye kommunegrensene frå 2020. Alle fellesråd har ein dagleg leiar for verksemda si, kyrkjeverjen. Fellesråda er arbeidsgjevarar for organistar, kyrkjetenarar, klokkarar, kyrkjegardsarbeidarar, kontortilsette, diakonar, kateketar mv.
KYRKJER:
I bispedømet er det i underkant av 120 kyrkjer. Av desse er 9 freda middelalderkyrkjer (oppført før 1650), 22 kyrkjer er bygde i perioden 1650 – 1850. Dei andre kyrkjene er frå 1850 og framover. Frå Møre bispedøme vart oppretta i 1983 er det vigsla 9 nye kyrkjer.
Tal frå statistikken for 2015:
- 216 488 av innbyggarane i Møre er medlemmer i Den norske kyrkja
- 2 175 vart døypte
- 479 par vart kyrkjeleg vigde
- 2 201 vart gravlagde
- 2 738 vart konfirmerte
- 3 666 gudstenester (sum for sundagar, helgedagar og andre dagar)
- 388 599 deltok på desse gudstenestene