Møre bispedøme ønskjer at misjon skal vere ein dimensjon i alt det som kyrkja gjer. Her på desse sidene vil vi presentere nokre konkrete sider ved dette. SMM – samarbeid menighet og misjon - er ein paraplyorganisasjon for sju organisasjonar som har arbeid i rundt 40 land over heile verda. Mange kyrkjelydar i Møre har minst ein misjonsavtale gjennom SMM. Avtalane er meir enn berre pengeinnsamling – det gir også høve til å få impulsar tilbake frå andre land og kjenne at vi er ein del av den verdsvide kyrkja.
Misjonsrådgjevar Grethe Lystad Johnsen kan også kontaktast for meir informasjon. Ho kan besøke kyrkjelydane for samtale om misjonsavtalar, halde bibeltimar om misjon eller temamøte om andre aktuelle tema, eller delta i gudstenester.
Misjon har tilknytningspunkt til fleire fagområde i kyrkja. Sjå t.d. sidene om venskapsarbeid , internasjonal rettferd , eller om misjon i undervisning/trusopplæringa.