Kyrkjemusikk i Møre

Kantorar og organistar i samspel med frivillige musikalske eldsjeler gir løft til gudstenester og kyrkjelege arrangement i Møre.

Kyrkjemusikk i Møre

Møre bispedøme har svært mange dyktige kantorar og organistar som gjennom året løftar songen og musikken i kyrkjene våre. I tillegg har vi mange frivillige eldsjeler som også gir tid, engasjement og glede inn i kyrkjene og kyrkjelydane sitt musikkarbeid. Denne koplinga av profesjonelle og amatørar skaper mange gode musikkopplevingar i kyrkjene våre og er ein viktig del av det kyrkjelege trus- og kulturlivet, og også ein vesentleg del av den kulturelle grunnmuren i samfunnet i vårt område. 

 

Plan for kyrkjemusikk

Kyrkjemøtet vedtok i 2008 for første gong ei plan for kyrkjemusikk. Planen går inn i ein serie planer og reformer vedtatt av Kyrkjemøtet. Samla legg desse til rette for ein heilheitleg lokal strategi. Hovudformålet med Plan for kyrkjemusikk er å styrke og sikre det kyrkjemusikalske livet i kyrkjelydane og kyrkja si formidling av tradisjonell og ny kyrkjemusikk.

Planen er retningsgjevande for arbeidet med kyrkjemusikk i kyrkjelydane. Dette er ei rammeplan som gjev kyrkjelydane eit verktøy til å utarbeide en lokal kyrkjemusikkplan. Planen vender seg i første rekke til dei som har ansvar for kyrkjemusikk lokalt, særlig til sokneråd, fellesråd og tilsette innan kyrkjemusikk, frivillige medarbeidarar og andre som er opptatt av musikklivet i kyrkja.

Kyrkjemusikken sameinar eit åndeleg og eit musikalsk siktemål. Kyrkjemusikken tolkar og formidlar kristen tru. Den er kyrkjelyden sitt felles svar på Guds tale til oss, og støttar og gjev næring til det åndelige livet i kyrkjelyden.

Dokument:

 

Kyrkjemusikalsk råd

I bispedømet er det oppnemnt eit fagråd for kyrkjemusikk. Utvalet gir fagleg uttale til biskopen i orgelsaker der biskopen bed om det, og faglege råd til biskopen og bispedømerådet i kyrkjemusikalske spørsmål. Rådet arrangerer også to faglege samlingar i året for kantorar og organistar i Møre. 

Medlemmer i Kyrkjemusikalsk råd:

  • Magnus Moksnes Myhre (leiar)
  • Rose Iren Stave
  • Paul-André Nilsen Grande

Kulturrådgjevar John Erik Brakstad er sekretær for rådet

 

                                         

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"