Ungdommar i kyrkja vil bli høyrt

– Kyrkja er viktig for ungdommen og det må satsast mykje sterkare på å få ungdom inn i jobbar i kyrkja. Dette var meldinga frå 40 ungdommar frå kyrkjelydane i Møre, samla til ungdomsting på Vestnes.

Ungdommar i kyrkja vil bli høyrt

Sjå fleire bilde på Facebook-sida til Møre bispedøme

Ungdommane var samla for drøfte ungdommen si rolle i kyrkja, inspirere kvarandre til engasjement i kyrkjelyden og sette søkelys på utdanning til kyrkjelege stillingar som kateket, diakon, prest eller kantor.

– Det var flott å møte alle dei som var med på Ungdomstinget. Alle som deltok var veldig hyggelege og opne. Dei var lette å bli kjent med. Eg vil sitje i ungdomsrådet fordi då kan eg gjere noko som er viktig for meg og trua mi. Det var veldig kjekt at biskopen brukte så god tid til å snakke med oss. Ekstra kjekt var det å møte teologistudentene, oppsummerer ein av deltakarane; Odin Johan Jakobsen Sylte frå Tresfjord.

Ungdommar i diskusjon under Ungdomstinget 2019.

Kyrkja si framtid

– Ungdommen er kyrkja si framtid, og vår stemme må bli høyrt, understrekar ungdommane.
Under samlinga drøfta dei spørsmål som:

 

- Kva skal til for at ungdommar skal velje ei yrkeskarriere i kyrkja?

- Kva hindrar ungdom frå å velje eit studium til kyrkjeleg teneste?

- Korleis kan ungdomsråd og organisasjoner rekruttere ungdom og unge vaksne til å arbeide i kyrkja?

 

Mange ungdommar opplever at det i skuledagen og kvardagen er lite informasjon og kunnskap om kyrkjelege stillingar, og at det også finst ein del fordommar knytt til kyrkja. Kristne ungdommar kan også oppleve stigmatisering.

 

For å betre på dette kom det fram ei rekkje konkrete forslag, slik som:

  • Skape eit sterkare miljø for ungdom i kyrkja
  • Meir dialog mellom yrkesgruppene i kyrkja og ungdom
  • Promotere kyrkjelege jobbar betre, både i kyrkjerommet, leirar, samlinger osv
  • Gi ungdommen meir ansvar og oppgåver i gudstenesta
  • At kyrkja er synleg på utdanningsmesser og andre jobb-arenaer
  • personlige møte med menneske som har jobb i kyrkja.

 

Rekruttering

Under samlinga vedtok ungdomstinget også ein uttale til Ungdommens kyrkjemøte seinare i år. Der etterlyser dei sterkare tiltak for å rekruttere ungdom til kyrkjelege utdanning og kyrkjelege stillingar.

Snittalderen mellom tilsette i kyrkja aukar og det er utfordrande å rekruttere. Samtidig viser undersøkingar at ungdom som startar på kyrkjelege utdanning i all hovudsak har bakgrunn frå kristent ungdomsarbeid. Derfor har dei kyrkjelege ungdomsråda ei viktig rolle.

 

Ungdomstinget

Under ungdomstinget på Vestheim i Vestnes var det ved sidan av sjølve sakskartet også gruppearbeid med case, foredrag om klima, god tid til å bli kjent, sosialt samvær og aktivitetar.

Biskop Ingeborg Midttømme deltok under heile samlinga, m.a. med innlegg, samtale, gudsteneste og meir uformelt samver. Samlinga var leia av ungdomsrådet støtta av rådgivar ungdom i Møre bispedøme, Inger-Marie Jakobsen Sylte, og rådgivar diakoni, Toril Holm. 

 

Rådgivande

Ungdomsrådet i Møre bispedøme har ein rådgjevande funksjon overfor biskop og bispedømeråd, kjem med innspel kring ungdomsspørsmål og kan fremme saker overfor desse organa. Rådet skal også vere ein ressurs for ungdomsarbeid og kyrkjelydsliv i Møre og skal vere involvert i fordeling av ressursar til ungdomsarbeid i kyrkjelydane.

Ungdomsrådet består av eit arbeidsutvalg på 7 ungdommar frå kyrkjeløydane i Møre. Desse kjem saman til møte fire gonger i året. I tillegg blir det årlig halde eit ungdomsting, der alle ungdommar i Møre som er medlemmar i kyrkja kan delta. Bispedømmerådet møter også ungdomsrådet minst ein gong i året.

 

Sjå fleire bilde på Facebook-sida til Møre bispedøme

 

For meir informasjon:

Rådgivar ungdom; Inger-Marie Jakobsen Sylte. mobil: 997 17 442

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"