SSB-tala for Møre bispedøme er klare

Auke i talet på døypte, vigsla og deltakarar på kulturelle arrangement.

Leiar av bispedømerådet i Møre, Ann-Kristin Sørvik.

I 2022 opna samfunnet seg gledeleg nok opp igjen. Ei ny utfordring har vore å definere den nye kvardagen når pandemien sine grenser ikkje lenger gjelder.

I Møre ser vi ei vesentleg auke i talet på gudstenester og deltakarar i desse frå åra før. Det same gjelder trusopplæring og kulturverksemda, men vi er ikkje tilbake til åra før pandemi. Ei gjenopning fører ikkje nødvendigvis til at ein går tilbake til tidlegare aktivitetar og rutinar.

 Folkekyrkja i Møre

"Først vil eg gje ei stor takk til alle tilsette og frivillige medarbeidarar for alt arbeid som ligg bak dei tala vi no kan presentere i Årsrapporten for 2022. Kyrkja i Møre er verkeleg ei kyrkje som rommar heile livet og gjev rom for tru", seier Møre biskop Ingeborg Midttømme.

Ho trekk fram at 91 prosent av alle 15-årige medlemmar vart konfirmert, og at 72 prosent av alle fødde vart døypte. For sistnemnde sin del er det fleire enn i dei siste tre åra før pandemien.

- Ei stor takk til alle tilsette og frivillige medarbeidarar for alt arbeid som ligg bak, seier biskop Midttømme om tala i årsrapporten.

Dåp

Som biskopen nemner ovanfor, er dåpstala stigande. Både samanlikna med pandemiåra, og dei siste åra før pandemien. 75 prosent av alle innbyggjarane i Møre og Romsdal er medlemmar av Den norske kyrkja. Medlemskap skjer i hovudsak gjennom dåp og 72 prosent av alle fødde blei døypt i 2022. Prosentvis er talet på døypte der foreldra er medlem av kyrkja, ein del høgare.

Vi ser også at fleire døypte deltar i babysong (eit trusopplæringstilbod for dei yngste borna). Over 67 prosent av alle døypte tar del på babysong.

 

Konfirmasjon

Også ved deltakinga når det gjeld konfirmasjon ser vi ei auke etter gjenopninga. Møre har generelt sett hatt høg deltaking i konformasjonstida opp gjennom, og den oppslutninga held seg.

91 prosent av 15-årige medlemmar i Møre vart konfirmert i 2022. Det er same prosenten som før pandemien i 2019.

 

Kultur

Talet på gjennomførte konsertar og kulturarrangement i kyrkjene, og talet på deltakarar, har naturleg nok gått kraftig opp i 2022, samanlikna med tal frå 2021. Statistikken frå SSB viser ein auke på 95 prosent i talet på arrangement, og 153 prosent auke i talet på deltakarar på konsertar og kulturarrangement. Gjennomsnittsbesøk ved arrangementa er auka frå 78 personar i 2021 til 101 personar i 2022. Med eit samla besøkstal på i overkant av 77 000, er kulturlivet i kyrkjene i Møre på veg tilbake til der det var før pandemien. Talet på gjennomførte kulturarrangement var høgare i 2022 enn i 2019, medan samla besøkstal viser ein nedgang på 22 prosent frå før pandemien.

-          Kultur er svært viktig for kyrkja sitt liv. Salmeskattane vi brukar i gudstenester og andre arrangement gir ein fin moglegheit for at mange ønskjer å besøke våre kulturarrangement. Kulturarrangementa får fleire til å gå i kyrkja, og det er jo også vårt mål.

-          Samstundes må eg få rose tilsette på bispedømekontoret for den jobben alle gjer. Dei er med på å engasjere fellesråd og frivillige til å delta, og dei gjer ein super jobb for kyrkja vår, uttalar Ann-Kristin Sørvik, som er leiar for Møre bispedømeråd.

 

Vigslar

Talet på kyrkjelege vigslar går opp frå året før, frå 260 til 395. Den store auken kan skuldast opninga etter pandemiåra, og dei naturlege avgrensingane desse la på bryllaupsfeiringa. Men det kan også leggast til at det var fleire kyrkjelege vigslar i 2022 enn det var i 2019, som var året før pandemien (då var talet 367).

 

Gudstenestedeltaking

Deltakinga på gudstenester er på veg oppover, men er endå ikkje tilbake på nivået før pandemien. Talet på deltakarar på gudtenestar går opp 59 prosent samanlikna med 2021.

Sjølv om året 2022 starta med tunge skyer frå pandemien, forsvann restriksjonane og kyrkjelydane kunne endeleg opne opp for «ukontrollert» gudstenestegang og bruk av kyrkjene. Tillærte «vanar» frå pandemien vender ikkje så fort, og gleda over å kunne opne opp og vende tilbake til kyrkjerommet overgjekk likevel ikkje besøkstal og deltakartal frå 2019, året før pandemien greip tak.

Det er likevel ei stor glede når kyrkjene på ny fyllest opp og når små og store kan glede seg over sakna samvær og fint fellesskap med kvarandre. I 2022 tok gjennomsnittleg 72 personar del på gudstenester (sun- og helgedag). Under pandemiåra låg dette snittet på 50-talet, medan gjennomsnittleg 93 personar fann plassen sin i 2019.

 

Gravferd

90,3 prosent av alle gravferder skjedde i 2022 i regi av kyrkja. Dette talet har halde seg høvesvis jamt i Møre, med over 90 prosent for alle dei fire siste åra.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"