Sju par gifta seg på valentinsdagen

Ulstein kyrkje fekk stor respons då dei inviterte til drop-in-bryllaup på valentinsdagen 14. februar.

Mari Ann Vattøy og Margit Lovise Holte i Ulstein kyrkje, der sju par skal gifte seg på drop-in-bryllaup 14. februar. Bilete: Ingvild Aursøy Måseide

Den nasjonale kampanjen drop-in-bryllaup vart arrangert i Ulstein for første gong i år. Kyrkja ønskjer å vise at vigslar kan gjennomførast på enklast mogleg vis, men likevel like stort som eit ordinært kyrkjebryllaup.

- Det finst mange måtar å gifte seg på, og dette opnar for eit større mangfald innan bryllaupsarrangement. Og eit lite bryllaup kan vere like fint som eit større, seier sokneprest Margit Lovise Holte, som sto for alle sju drop-in bryllaupa. Kyrkja i Ulstein har ikkje hatt denne type kyrkjebryllaup tidlegare, men ein har sett at fleire stader i landet har hatt stort oppmøte på drop-in-dagar. Tiltaket viste seg å treffe godt også i Ulsteinvik og omland.

 - Vi har prøvd å gjere det enkelt for folk, for det kan verre vanskeleg å få tid til store arrangement. Fleire av dei som meldte seg som brudepar tysdag, har sagt at dette med eit mindre drop-in arrangement har vore dytten dei trengte.

Overveldande respons

For skikkelege bryllaup vart det. Ei lokal blomeforretning pynta kyrkja, sokneprest Holte, solist Mari Ann Vattøy og kantor Ståle Helvig sto parate og det vart høve til enkel fotografering i kyrkja og på kyrkjatrappa. Kyrkja stilte opp frå lunsjtider og ut dagen.     

- Vi er veldig (positivt) overvelda her på kyrkjekontoret, responsen har vore langt over det vi trudde på førehand. Dette har vore ei nasjonal kampanje nokre år, men vi har aldri prøvd det før, så vi kom fram til at vi måtte teste det for å sjå interessa. Vi tenkte her på kontoret at om det kom eitt par var jo det kjekt. Men sju giftelystne par på ein dag hadde vi ikkje sett føre oss,  fortel Holte.

Heilt drop-in er det likevel ikkje, for visse saker må vere klart på førehand. Brureparet må mellom anna ha forlovarar som vitne og papira i orden. For å få vigselsattest må ein ha fylt ut eit skjema, men alt dette har gått fort og greitt for dei sju para som giftar seg tysdag.

  - Vi tenkte kanskje vi var litt seint ute, då vi gjekk ut med at vi hadde drop-in bryllaup berre 14 dagar før sjølve dagen. Men det har vore hurtig sakshandsaming og alle para fekk alt i orden, seier soknepresten.

Vil gjenta suksessen

Holte fortel at dei ville prøve seg på drop-in-bryllaup litt fordi det er eit artig påfunn, og litt for å gje ei anna meining med valentinsdagen 14. februar.

- Forventninga er at dette skal vere ein kjærleiksdag, så då er det fint at kyrkja også kan vere ein del av det. Og det ser ut til at dette trefte eit behov vi ikkje heilt visste var der. Så no har vi vel nesten bestemt oss allereie for at vi også vil gjennomføre drop-in-bryllaup neste år, slår sokneprest Holte fast.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"