Saman som kyrkje i heile verda

Med den årlege aksjonen "Saman som kyrkje i heile verda" står kyrkjelydar over heile landet saman for den globale kyrkja og kyrkjelydane sine eigne misjonsprosjekt.

Saman som kyrkje i heile verda

Aksjonen varer frå Kristi himmelfartsdag til St.hans, 18.mai til 23.juni 2023.

"Saman som kyrkje i heile verda" er ein aksjon for å:

·         Styrke kyrkjelyden sitt eige misjonsprosjekt og deltaking i kyrkja sitt globale oppdrag.

·         Motivere til engasjement.

·         Samle inn pengar til prosjektet via digitale plattformer, kreative arrangement og kirkeoffer.

·         Ei aksjonsperiode der kyrkjelydane i fellesskap markerer kyrkjelyden og kyrkja sin misjonerande identitet.

         

9 påmeldte frå Møre

Så langt er 9 kyrkjelydar i Møre påmeldt til aksjonen, men det er enno ikkje for seint å melde seg på!

 

Misjonsprosjektet på Frei

18. mai skal det vere gudsteneste på Frei, med takkoffer til Areopagos gjennom "Saman som kyrkje i heile verda"-arbeidet. Misjonsprosjektet dei støttar er Areopagos sitt prosjekt «Fastlandsprestenes berikelsesprogram». Dette prosjektet femnar vidt, og handlar om åndelegheit, kunnskap, inspirasjon og fellesskap for prestar i Kina, i løpet av ei vekes opphald ved Tao Fong Shan. Her jobbar det dedikerte prestar, som ber på ei arbeidsmengde vi vanskeleg kan sjå føre oss. Prosjektet fokuserer på kva slags måte vi kan gi ei hjelpande hand. 

Dette opplegget har vore gåande i ei årrekkje, med god respons frå deltakarane. No er det endeleg kome i gang igjen, etter at pandemien sat arbeidet på pause. Frei kyrkjelyd støttar misjonsprosjektet gjennom Saman som kyrkje, og 18. mai skal dei også ha open kunstutstilling som støttar opp om prosjektet.   

 

Meld på din kyrkjelyd her:

Om kyrkjelyden ikkje har meldt seg på, men ynskjer å gjere det, så kan de gå inn på  https://ressursbanken.kirken.no/sammen#na Her vil de finne aktuell informasjon om aksjonen og påmelding.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"