

Konventet starta med gudstjeneste i Herøy kyrkje, og med omlag 80 prestar samla, løfta songen seg til taket under salmene. Under gudstenesta var det allment skriftemål, og biskop Ingeborg Midttømme preikte.

Temaet for konventet var forsoning, og gjestane Harald Hegstad, Leif Wikøren Nilsen, Stephanie Dietrich, Kjetil Lillesæter og Sjur Isaksen bidrog med foredrag, panelsamtale og seminar. I tillegg heldt eigne ressursar frå bispedømet til ulike seminar: Per Kristian Sætre, Jan Fredrik Laskerud, Odd Erik Stendahl, Inger Marie Lillevik og Marie Marti.

Tirsdag kveld reiste prestane med båt ut til Skotholmen, der det vart servert ein god middag med lokal sjømat. Underholdninga stod prestar i bispedømet for sjølv, og det vart tid til både prat og latter.

Onsdag starta dagen med morgonbøn, før biskopen tok opp aktuelle sakar i "biskopens time." Kvart prosti presenterte seg óg i løpet av konventet, og det var både informativt og morosamt. Takk til staben i Herøy kyrkje som tok godt i mot prestane, og til alle som var med!


