Pilegrimsvandring på Giske

I sommar blir det igjen invitert til korte pilegrimsvandringar på Giske – ei slags lågterskel pilegrimsferd.

Giske kyrkje. Bilete: Giske kyrkjelege fellesråd

- Giske kyrkje er ein del av Kystpilegrimsleia, så då er det fint og naturleg å gjere dette, seier Gunnhild Bremer, prest under utdanning i Valderøya sokn.

Vandringa er torsdager klokka 12  -  frå torsdag 22. juni til og med torsdag 27. juli. frå jonsok til olsok.

 

Litt om å gå pilegrim:

Ei pilegrimsvandring kan ha mange motiv. Det konkrete målet er eitt av dei. I denne vandringa er det Giske kyrkje. I tillegg er det ei naturoppleving og moglegheit til å utforske lokal historie.   

Moderne pilegrimar legg ofte like mykje vekt på den indre prosessen i vandringa. I vår enkle vandring skal vi på ulike måtar sjå etter spor av Gud i liva våre.   

"Gud...er jo ikkje langt unna ein einaste ein av oss. For det er i han vi lever, rører oss og er til" Apg 17

"Herre, syn meg den vegen eg skal gå, og gjer meg villig til å gå han" St Birgitta av Vadstena si bøn.

 

Velkomen til vandring!

Beste helsing

Gunnhild Bremer,

prest under utdanning i Valderøya sokn

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"