15.september starta Ragnhild Annie Fuglseth i eit årsvikariat i 50% som rådgivar i kyrkjefag og samfunn. Ragnhild bur på Averøy, og har lang erfaring som prest. Ein del vil kjenne henne att frå tida som sokneprest på Eide. Ho har og vore studentprest og det siste året har ho arbeid som prostiprest på Averøy.
Før ho starta som sokneprest, jobba Ragnhild som kyrkjelydspedagog i Borg. Ho kjenner Den norske kyrkja i Møre godt, og vi er glad for at ho det neste året vil bruke ressursane sine på bispedømekontoret.
Det er og skjedd ei endring i avdelinga for HR og organisasjonsutvikling. Sturla Fostervold har og vorte tilsett som avdelingsleiar. Han kjem frå stillinga som rådgjevar i same avdeling på bispedømekontoret, og har allereie gått inn i den nye rolla som avdelingsleiar. Rådgivarstillinga han har arbeid i, vert lyst ut i næraste framtid.
Vi ønskjer begge to lykke til i dei nye rollane og er takknemleg for at dei saman med tilsette og frivillige vil arbeide for å skape «Meir himmel på jorda» i Møre.
