Møre bispedømeråd drøftar sal av prestebustader

Møre bispedømeråd tilrår at Ulstein og Ørsta prestebustader kan fristillast som prestebustadar og seljast på den frie bustadmarknaden. Dette er ei av sakene under bispedømerådsmøtet 28. september, der også visjonsdokument samt strategi- og handlingsplan 2019-2021 blir behandla.

I framlegget til uttale frå Møre bispedømeråd heiter det at rådet opphevar vedtaket frå 2015 om at dei fire bustadane Surnadal, Giske, Ulstein og Ørsta (bildet) skal takast vare på som kulturminne av Opplysningsvesenets fond (OVF). Bispedømerådet rår til at Ulstein og Ørsta prestebustader kan stillast frie som prestebustadar og seljast på den opne bustadmarknaden.

Les alle sakene til bispedømerådets møte 28. september 2018

I framlegget til uttale frå Møre bispedømeråd heiter det at rådet opphevar vedtaket frå 2015 om at dei fire prestebustadane Surnadal, Giske, Ulstein og Ørsta (bildet) skal takast vare på som kulturminne av Opplysningsvesenets fond (OVF). Bispedømerådet rår til at Ulstein og Ørsta prestebustader kan stillast frie som prestebustadar og seljast på den opne bustadmarknaden.

Kyrkjemøtet våren 2018 vedtok nytt visjonsdokument, og som ein konsekvens av dette konsekvens av dette vil også Møre Bispedøme fornye sitt visjonsdokument. Bispedømerådet samtalar om korleis kyrkja sitt visjonsdokument kan reflekterast i eit fornya visjonsdokument for Møre bispedøme.

Under møtet vil bispedømerådet også drøfte strategi- og handlingsplan 2019 - 2021.

 

Les alle sakene til bispedømerådets møte 28. september 2018

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"