Kreative barn på bygdedagar i Åram

10.-12. september var det Åramdagar på nedlagte Åram skule i Vanylven kommune. Kyrkja deltok i samarbeid med den lokale måleklubben med målestove for born.

Publisert:

Kreative barn på bygdedagar i Åram

Kyrkjelydsarbeidar Yngve Lillebø fortel at dei har hatt dette samarbeidet fleire gonger, og at det er fint å kunne komme ut og møte folk der dei er. «Kommunen vår er stor, og har ikkje så mange innbyggjarar, så det er vanskeleg å samle folk. Derfor er det kjekt å kunne vere til stades som kyrkje når det er noko som skjer i lokalmiljøet.» Maleklubben stilte med godt måleutstyr, og kyrkjelydsarbeidaren las bibelforteljinga om skapinga. Dei lærte óg songen « Kven har skapt alle blomane.» Det gav barna mange moglege motiv å måle: «Dei malte alt frå planter til einhjørningar.» Han fortel at nokon av barna var på maleverkstaden i heile opningstida. Dei har og eit liknande tilbod i kyrkja som heiter «kveldssong for dei små». Då les dei ei bibelfortelling, syng songar og teiknar. «Når du gjer born eit blankt ark vert dei ofte kreative,» avsluttar Yngve.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"