Innhaldsrik visitas i Sula

– Etter visitasdagar i Sula sit eg att med at det er ein kyrkjelyd som vil mykje, får til mykje og som nyter stor velvilje i lokalsamfunnet. Her er det ei levande kyrkje som rommer mennesker i alle aldra og i ulike livssituasjonar, seier biskop Ingeborg.

Noko av det som gjorde stort inntrykk under visitasen i Sula var konserten «Tidsmaskinen» av kantor Håvard Sveås og med barnekora Blessing og BigBless.

Sjå fotoalbum frå visitasen i Sula på nettsidene til Møre bispedøme

Visitasen i Sula sokn var i dagane 11. – 16. september. Eit rikhaldig program under overskrifta «Kyrkje for framtida» gav eit godt innblikk i korleis kyrkjelyden lever sitt liv og korleis det er å vere innbyggjar i Sula kommune.

Under visitasen har biskopen med følgje fått vore med og helst på dei eldre på Sulatunet, besøkt Devold fabrikken og høyrt historia om oppbygginga av Langevåg kyrkje.

Noko av det som har gjort stort inntrykk var konserten «Tidsmaskinen» av kantor Håvard Sveås. Konserten involverte barnekora Blessing og BigBless. Med høg energi presenterte desse ein flott gjennomgang av sentrale forteljingar i det gamle testamentet.

At det blir drive eit stort speidararbeid på øya - der godt over 100 speidarar samlast kvar veke - imponerte også biskopen med følgje.

– Og når visitasen vart avslutta med fullsett «Klar, ferdig, gå»-gudsteneste med etterfølgande aktivitetar på kyrkebakken, så lovar dette godt for framtida, oppsummerer biskop Ingeborg.

Sjå fotoalbum frå visitasen i Sula på nettsidene til Møre bispedøme

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"