Stikkord for innhaldet på fagsamlinga: Komposisjon – Musikk og dramaturgi – Musikk og tekst - Musikalsk dramaturgi i gudstenesta.
Wolfgang Plagge er komponist og pianist. Han begynte å spele piano som fireåring, og debuterte i Universitetets aula i Oslo tolv år gammal. Han starta også tidleg å komponere, og er særlig anerkjent for sine verk for blåseinstrument. Plagges verkliste spenner frå liturgisk musikk til symfoniske verk, og kammermusikk og solistisk klavermusikk utgjer ein hovuddel. Fleire av hans komposisjonar er allereie i ferd med å få status som standardverk. Plagge har sidan han var 8 år vore organist og etter kvart kantor i Asker og Bærum katolske kyrkje. Han har mange musikalske bidrag i den katolske salmeboken Lov Herren. Plagge har mottatt ei rekke prisar for sitt musikalske virke. Wolfgang Plagge er tilsett som professor ved Norges musikkhøgskole.
Program:
10.15 Liturgisk opning
10.30 Kaffe/frukt
11.00 Wolfgang Plagge 1. økt
12.30 Varm lunsj
13.30 Aktuell info
14.00 Wolfgang Plagge 2. økt
16.00 Slutt
Pris for fagsamlinga er kr 550 + reiseutgifter.
Meld deg på fagsamlinga
(om påmeldingsmodulen ikkje fungerer, kan du melde deg på via e-post til jb862@kirken.no)
Siste frist for påmelding er tysdag 2. april
Velkommen til fagsamling!