Delegatar frå Møre i sentrale verv

Olav Myklebust frå Sande og Maren Elgsaas Jenssen frå Kristiansund er valt inn i høvesvis Kyrkjerådet og Mellomkyrkjeleg råd. May Bente Jønsson frå Sunndalsøra er valt inn i Samisk kyrkjeråd.

Delegatar frå Møre i sentrale verv

Møre bispedøme sine delegatar går dermed inn i viktige rådsarbeid i Den norske kyrkja, som står framfor store endringar i samband med skiljet stat-kyrkje frå 2017. Vala gjekk føre seg under Kyrkjemøtet i Trondheim måndag. 

 

Olav Myklebust går no inn som fast medlem av det 15 personar store Kyrkjerådet. Kyrkjerådet blir leia av Kristin Gunleiksrud Raaum, som vart valt under kyrkjemøtet måndag. Kyrkjerådet er kyrkjemøtet sitt førebuande og iverksetjande organ. 

 

Maren Elgsaas Jenssen frå Kristiansund blir medlem i Mellomkyrkjeleg råd, som skal samordne og fremme kontakten mellom Den norske kyrkja og utanlandske kyrkjer og handsame andre internasjonale spørsmål.

 

May Bente Jønsson frå Sunndalsøra er valt inn i Samisk kyrkjeråd, som skal fremme, verne og samordne samisk kyrkjeliv og ivareta urfolksspørsmål på vegner av Den norske kyrkja. 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"