Bispedømerådet møter ungdom i kyrkja

Møre bispedømeråd vil bli betre kjent med ungdomssatsinga i kyrkja, og møter ungdommar i kyrkja sitt ungdomsråd til orientering og samtale under bispedømerådsmøtet 6. mai.

Ungdommar i kyrkja i Møre samla til ungdomsting på Vestnes i mars 2019. No vil bispedømerådet høyre meir om ungdomssatsinga i kyrkja.

Les alle sakene til bispedømerådsmøtet

40 ungdommar frå kyrkjelydane i Møre var samla til ungdomsting på Vestnes i mars. Dei var samla for drøfte ungdommen si rolle i kyrkja, inspirere kvarandre til engasjement i kyrkjelyden og sette søkelys på utdanning til kyrkjelege stillingar som kateket, diakon, prest eller kantor. – Kyrkja er viktig for ungdommen og det må satsast mykje sterkare på å få ungdom inn i jobbar i kyrkja, var den sentrale bodskapen. Det er dette bispedømmerådet vil høyre meir om under møtet 6. mai. 

Bispedømerådet vil også samtale om vidareføring av ENØK-prosjektet i kyrkja, behandle Høyring Langtidsplan for Pilegrimsarbeidet i Norge 2019 - 2037 og bli orientert om høyringssvar framlegg til endringar i abortlova. 

Les alle sakene til bispedømerådsmøtet

Ungdomsrådet i Møre bispedøme

Ungdommar i kyrkja vil bli høyrt

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"