Biskopens julehelsing 2018

"Både gjetarane og kongane fann vegen og kom fram til stallen i Betlehem. Så forskjellige dei enn var, møtte dei Jesus på same måten. Dei bøygde seg ned, og dei løfta blikket", skriv biskop Ingeborg Midttømme i årets julehelsing til kyrkjelydane.

Barnet i Betlehem. Frå Victor Sparre sine glasmåleri i Vistdal kyrkje.

Eit barn er fødd 

Dette året har eg med ei blanding av glede og ettertanke lagt merke til kva som skjer med mange av oss vaksne i møte med et barn. Det starta då eg tok bussen med eitt av barnebarna mine. Vanlegvis set vi vaksne oss godt til rette i det eine av to tomme bussete, legg noko på nabosetet og håper vi får sitte i fred. Ja, eg gjer det ofte sjølv. Har ikkje noko ønske om å møte andre sine blikk. Bussturen med eit barnebarn blei veldig annleis. Mange framande på bussen såg på barnet, søkte blikkontakt og smilte. Seinare har eg lagt merke til at det nesten alltid skjer der vi vaksne litt uventa får sjå eit barn. Barnet les kroppsspråk, stemmeleie og ansiktsuttrykk. Barnet er sårbart og utfordrar vår sårbarhet. Barnet møter oss ansikt til ansikt, utfordrar oss til å vere til stades og vere ærlege. Det same gjer Gud.

 

Eit barn er fødd i Betlehem

Dette året har eg blitt meir og meir overvelda av - og takksam for - at Gud valde å kome til verda som eit lite barn. Gud valde den måten å møte oss på som gjer det aller lettast for oss å opne opp, legge roller, ansvar og forventningar til sides og møte blikket. Skape nærleik. Møte blikket med eit ope hjarte og eit smil. 

Og det er nettopp noko av denne nærleiken dei nyare julesongane som også har kome inn i salmeboka vår, uttrykkjer. Alf Prøysens julekveldsvise om julestjerna: «Den fyste gong hu skinte så laga hu ei bru imilla seg og himmel’n og ei krubbe og ei ku.» Eller Eivind Skeies: «Nå er den hellige time. (…) En nyfødt kjærlighet sover. Nå er Guds himmel nær. (…) Vi står rundt krybben og smiler, for vi er fremme nå

Både gjetarane og kongane fann vegen og kom fram til stallen i Betlehem. Så forskjellige dei enn var, møtte dei Jesus på same måten. Dei bøygde seg ned, og dei løfta blikket.

 

Halleluja

«Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, den unge jenta skal bli med barn og føda ein son, og ho skal gje han namnet Immanuel.» Julenatt gjekk desse orda frå profeten Jesaja i oppfylling. Immanuel betyr: «Gud med oss». Julenatt fekk menneske for første gong sjå Guds ansikt. Sjå hans uendelege kjærleik som låg der nyfødd. Etter den første julenatta har vi alltid kunna møte Gud ansikt til ansikt. Møte hans kjærleik.

Som vaksen lærte Jesus oss å kalle Gud for far. Han lærte oss å be Fader Vår / Vår Far. Som Guds barn kan vi alltid og i alle situasjonar kome til Gud.  Han avviser oss aldri. 

 

Velsigna jul!

Biskop Ingeborg

 

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"