Bilrebus som trusopplæringstiltak

I alt 27 5. klassingar i tillegg til sjåførar og nokre andre familiemedlemmar var med på bilrebus i helga. Ikornnes og Sykkylven kyrkje brukar kvart år å gi Biblar til 5. klassingar som eit trusopplæringtiltak, men denne våren vart annleis pga korona-smitte, og dei arrangerte utdelinga på ein annan måte.

Bilrebus som trusopplæringstiltak

Dei påmeldte møtte opp utanfor kyrkjekontoret for å få ein pose med det som dei trengte for å utføre rebusen.Tilbakemeldinga som femteklassingane ga var at det skulle ha vore fleire postar; det viste seg at dei kosa seg med oppgåvene    

Det vart plassert fem postar rundt omkring i bygda, der deltakarane fekk bryne seg på spørsmål frå Bibelhistoria.Dei 5. klassingane som ikkje kunne vere med denne dagen, kunne gå innom kyrkjekontoret og få ein bibel. 5.klassingane som var med på rebusen fekk alle sin eigen Bibel i premie, og dei blei i tillegg med på trekninga av ei hengekøye frå Ticket to the moon.

For å finne fram til postane måtte ungane følgje nokre hint

                                                        

 

Her er den heldige vinnaren med hengekøya framfor seg, ilag med vennar

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"