150-årsjubileum for Fiksdal kyrkje

Fiksdal kyrkje har feira 150 år. I samband med jubileet inviterte Fiksdal sokneråd til jubileumsveke med eit variert program.

150-årsjubileum for Fiksdal kyrkje

Bildet: Sentrale personar under jubileumsgudstenesta i Fiksdal kyrkje: Frå v. prest Inger Marie Lillevik, biskop Ingeborg Midttømme, ordførar Geir Inge Lien, prost Erling Nevland.

 

Jubileumsveka starta søndag 20.november med jubileumskonsert i kyrkja. Her deltok ein rekke aktørar med ulike musikalske bidrag heilt frå tida då kyrkja vart bygd og fram til i dag.

Torsdag 24.november var det kulturkveld på Bygdaheim, med historisk tilbakeblikk på kyrkja, utstilling og musikalsk innslag.

Søndag 27.oktober var det jubileumsgudsteneste i kyrkja med biskop Ingeborg Midttømme og prost Erling Nevland. Kantorane Robert Coates, Richard Powell og Sissel Schiøtt sørga for det musikalske saman med Fiksdal kyrkjekor.

Etter gudstenesta var det festsamvær med middag på Bygdaheim, med song og musikk, historikk og helsingar. 

 

Sjå fleire bilde frå jubileumshelga på facebook-sidene til Møre bispedøme

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"