- Eit nådens år for alle

Gudstenester, salmekveldar, teaterframsyningar og seminar er nokre av dei arrangamenta som utover hausten vil prega reformasjonsjubileet. Les meir og meld deg på arrangementa!

- Eit nådens år for alle

I år blir 500-årsmarkeringa for reformasjonen markert over heile Europa. Biskop Ingeborg meiner den førte med seg viktige endringar i kyrkjeliv og samfunnsliv:

– Katekismeundervisinga ga mynde til folket og gjorde tydeleg at trua er ei gåve. Morsmålet – eller hjartespråket – vart teken i bruk i gudstenesta, og bibelordet opna seg. Salmesongen ga felles svar på ordet ein høyrde. «Vår Gud han er så fast ei borg» er ei av salmane Luther gav oss.

– Denne trusarven frå Luther finn gjenklang og nye uttrykk i vår tid og vert formidla vidare til nye generasjonar saman med det som er velkjent og brukt i tiår etter etter tiår. Alt frå nye måtar å formidle katekismen på i undervisninga til LutherJazz med nye og gamle salmetekstar vert teken i bruk for å fomidle trusarven.

– Det er ei stor glede å invitere til alt det som er planlagt av arrangement dette «nådens år». Eg gler meg over alle dei salmekveldar, kyrkjesongfestar og andre arrangement eg les om rundt i hele bispedømmet. Eg håpar det vil føre til ny glede over vår kristne tru og takk for trusarven vår, seier biskopen.

 

Les meir om reformasjonsjubileet i Møre hausten 2017

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"