Bispedømerådet sine oppgåver

Bispedømerådet er tilsettingsorgan, biskopen leier prestetenesta. I bispedømet er det elleve prosti som kvar for seg er tenesteområde for prestane. Dei andre kyrkjelege tilsette har i hovudsak fellesrådet som arbeidsgjevar.

Frå 2024 tilset bispedømerådet berre prostar. Andre prestar blir tilsett i eit tilsettingsråd som representerer prost, sokneråd, stiftsdirektør og ein tenesterepresentant. Biletet viser det første tilsettingsrådet i Bjørgvin.

I Bjørgvin bispedøme er det pr. 31.12.23 tilsett prestar, prostar og biskop i 171 årsverk, av desse er 152,5 årsverk i kyrkjelydspresteteneste. Ved bispedømekontoret er det tilsett 19 personar i 16,3 årsverk, av desse er to vakante ved årsskiftet. I tillegg til dette har to medarbeidarar på kontoret Felles økonomieining for Den norske kyrkja som arbeidsgjevar.

Lokalisering

Bjørgvin bispedøme er geografisk samanfallande med Vestland fylke med til saman 650 482 innbyggjarar. Bergen er den største byen, med 291 680 innbyggjarar. Bjørgvin er mellom dei bispedøma der delen av innbyggjarar som er medlemer (døypte) av Den norske kyrkja er høgast. 69.0 prosent er kyrkjemedlemer i Bjørgvin mot 62,6 prosent i snitt for heile landet.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"