Vigsling og vigslingsgudsteneste

Når ein biskop skal tiltre si nye rolle, blir dette gjort gjennom ein høgtideleg vigslingsseremoni. Her gir den nye biskopen sine løfte og ho vert beden for. Det skjer i samband med ei gudsteneste i domkyrkja.

Utsnitt av bispekåpa. Den var ei gåve frå O. Kavli og Knut Kavli's almennyttige fond 1985. Utforming: Sigurd Winge 1963, utført på Statens lærerhøyskole i forming, Oslo.

Kva skjer i vigslingsgudstenesta?

Gudstenesta i Bergen domkirke 16. april blir ei festgudsteneste med mykje song og musikk. Bergen domkirke sitt jentekor, Bergen domkor, messingblåsarar og domkantorane Kjetil Almenning og Sigurd Øgaard bidrar.
Fyrst framstiller leiaren i bispedømerådet Vemund Atle Øiestad den nye biskopen. Preses Olav Fykse Tveit (den leiande biskopen) held ein tale før den nye biskopen skal gje sitt løfte, som blir stadfesta med eit handtrykk.
Etter handtrykket kneler den nye biskopen og blir beden for. Fleire biskopar frå Den norske kyrkja og andre kyrkjer, i tillegg til andre medverkande legg handa si på den nye biskopen. Deretter held den nye biskopen si fyrste preike.
Gudstenesta er open. Det er reservert plass til inviterte gjester, medverkande og presse. I tillegg er det plass til andre som ønskjer å vera til stades. Gudstenesta vert strøyma på nett.
Tingingsverket «Sunniva kongsdotter» av Knut Vaage som tek utgangspunkt i hymna til martyren St. Sunniva, vert framført som ei gåve til biskop Ragnhild Jepsen.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"