Hjelp til å søkja midlar til kulturprosjekt - store eller små

Det kan vere nyttig å gjere seg kjend med mogelege finansieringskjelder både lokalt og nasjonalt. Her får du nokre tips til søknadsprosessen

Det er ein del arbeid med å søkja midlar, men utbytet kan bli stort.

Vis at du er godt kjent med kriteriane for tilskotsposten. Ofte gjeld dette eit kulturpolitisk virkemiddel organisasjonane brukar for å nå sine mål. Målsetjingane kan variera frå år til år, for eksempel:

  • Støtte opp om eit variert kulturliv
  • Støtte nytenkning
  • Støtte dei smale prosjekta

Sjølve søknaden må vere oversiktleg og ryddig med:

  • Kontaktinformasjon 
  • Namn på organisasjon 
  • Kontaktperson
  • Kontonummer
  • Org.nummer

 Søknaden må innehalde god og utfyllande skildring av prosjektet:

  • Kven eig prosjektet?
  • Formelle samarbeidspartnarar 
  • Målsetjing  
  • Målgruppe 
  • Arrangementsdato / milepælar 

Ha også med budsjett:               

  • Alle inntekter og kostnader må reknast med
  • Aktuelle prisar er innhenta så langt det er mogeleg 
  • Vis realisme 
  • Balanse 
  • Prosjektet må vere gjennomførbart med den summen ein søkjer om

Og hugs følgjande:

  • Tenk nytt
  • Ver ute i god tid
  • Gå rett på sak
  • Syt for solid forankring hos alle samarbeidspartnarar
  • Kombiner entusiasme og realisme

Her kan du søkje

Prosjektmidlar frå Kyrkjerådet

Kyrkjerådet lyser våren 2021 ut prosjektmidlar for inntil 9,5 millioner kroner.
Les meir her.

Ei eiga tildeling i 2021 på 2 mill.  kr skal gå til kultur, inkl. musikklivet i soknet og utvikling av nye salmar.

Desse midla skal bidra til å realisere KM 11/18 Rapport og veivalg for Den norske kyrkja si kunst- og kultursatsing.

Les meir her

Kyrkjemusikk og kultur

Kulturrådet har fleire ordningar som kan vere aktuelle for kyrkja. Arrangørstøtte musikk er truleg mest aktuell når de arrangerar konsertseriar. Stønad til bestillingsverk er også mogeleg å søkje.

Noregs korforbund støttar mellom anna konsertar der kor samarbeider med profesjonelle musikarar. De kan og søkje vaksenopplæringsstøtte til korøvingane. Søknadsfrist for konsertar: 15. mars og 15. september.

Ungdomsarbeid

Frifond støtter arbeid for barn og unge under 26 år. Ungdomar kan på eiga initiativ søkje støtte. I tillegg vil sokneråd kunne få økonomisk støtte ved å samarbeide med ein annan organisasjon om ungdomsarbeid. Dei fleste organisasjonar har gode rutiner på å søkje støtte fra LNU Frifond.

Fylkeskommunar og kommunar har og ulike støtteordningar som kan vere aktuelle for friviljuge organisasjonar. Søk etter støtteordningar på nettsida til den fylkeskommunen eller kommunen som tiltaket gjeld.

K-stud støtter kursverksemd i ulike former; leiarkurs, kor, cellegrupper mm – alt dette og meire til kan du få støtte til hos K-stud.

Anna

Bufdir har ein støtteordning til samlivstiltak. Her kan sokneråd og organisasjonar med mål om å støtte opp om, hjelpe og styrke samlivet i parforhold, søkje om midlar til samlivskurs og til opplæring av kursleiarar. Organisasjonar og institusjonar med formell kompetanse på samlivsarbeid og utviklingsarbeid kan søkje om midlar til utviklingsprosjekt. Søknadsfrist er i desember.

Samarbeid menighet og misjon (SMM) utlyser årleg et stipend på kr 50 000. Alle sokn i Den norske kyrkje som har misjonsavtale med éin av misjonsorganisasjonane i SMM kan søkje. Søknadsfrist 4. mai.

Sjå lenkjer nedanfor for meir nyttig informasjon. Ta gjerne kontakt med vår kulturrådgjevar om det er noko du er usikker på!

Kyrkjerådet, om kyrkje, kunst og kultur

Kyrkjerådet - støtte

OVF-midlar

SMM

K-stud

Norges korforbund

Norges kirkesangforbund

Bufdir - støtte til samlivstiltak

Legathandboken, heimeside

Tilskuddportalen

Frifond - til barn og unge

Registrering i Frivilligregisteret

Grasrotandelen, heimeside

Norsk Kulturråd, kyrkjemusikk

Vestland fylke, tilskotsordningar

Sparebankstiftinga Sogn og fjordane

Sparebankstiftelsen DNB

Gjensidigestiftelsen

Sparebank1/SR-bank

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"