Det var ei fullsett kyrkje som fekk vera med på opninga av den vakre kyrkja og innviinga av eit nytt orgel frå Weimbs Orgelbau i Tyskland.
Med bakgrunn i dagens tekst der Jesus spør:Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel, stilte biskopen spørsmålet om kvar ein finn Bergen si sjel. Han var ikkje i tvil om at byen har sjel, men kvar finn vi den? På Brann stadion? Eller på Bryggen, symbolet for byens handel og kommers? Eller kanskje heller i Mariakirken?
Les preika - lenke nedst på sida, eller sjå video (litt dårleg lyd):
I samband med gudstenesta planta også biskopen eit "Luthertre" på kyrkjegarden i samband med det komande reformasjonsjubileet i 2017. Sjå lenke til eigen artikkel nedst på sida.
Vil du oppleva Mariakirken og det nye orgelet, er det fleire konsertar no i opningsveka. Sjå lenke nede på sida.