Det var i samband med at Mariakirken vart opna etter fem års restaureringsarbeid, at biskopen planta eit tre på kyrkjegarden.
Treet har eit "søstertre" planta av Den norske kyrkja i ein stor "Lutherhage" i byen Wittenberg i Tyskland. Lutherhagen er etablert av Det Lutherske verdsforbundet og inneheld tre frå kyrkjer i heile verda. Det var i 1517 Martin Luther la fram dei 95 tesene mot avlatshandelen, ei hending som etter kvart førte til reformasjonen.
Treet blir planta i Bergen fordi byen i reformasjonstida var den norske byen med mest kontakt med Tyskland og Europa.
Biskopen fekk hjelp av trepleiear Markus Schwarzmannseder frå Akasia (Bergen kirkelige fellesråd) til å planta treet som er av typen Ginko biloba.
Biskopen var nyleg på besøk i Wittenberg, der han mellom anna fekk sjå Den norske kyrkja sitt tre i Lutherhagen (sjå foto).