Når kjem resultatet frå kyrkjevalet 2023?

Etter kyrkjevalet er det klart kven som skal sitje i dei 1104 sokneråda og 11 bispedømeråda og Kyrkjemøtet. Les meir om kva tid ulike resultat og tal frå kyrkjevalet er klare.

Ullern kyrkje og alle andre kyrkjelyder får snart nye sokneråd. (Foto: TRY)

I kyrkjevalet skal meir enn sju tusen kandidatar veljast inn i sokneråd, bispedømeråd og Kyrkjemøtet over heile landet. 15.000 valfunksjonærar gjer ein stor jobb med å ta i mot og telje opp stemmer.  

Eg vil rette ein stor takk til alle som står på for at valet kan gjennomførast på ein trygg og sikker måte. For fyrste gong får vi nokre stemmetal allereie på valdagen. Det er dei digitale stemmene som vert offentleggjort klokka 21 på valdagen 11. september. Det er eit stort arbeid å telle fysiske stemmer frå 2700 vallokale over heile landet, og det vil ta nokre dagar før alle resultata er på plass, seier kommunikasjonsdirektør Emil Tan Engeset.  

På denne sida kan du lese meir om når ulike resultat er klare.  

Statistikk frå digitale førehandsstemmer 

Digital førehandsstemming vert avslutta onsdag 6. september kl. 15.00. Statistikk på valdeltakinga vert publisert den påfølgjande morgonen.  

Statistikken frå digital førehandsstemming vert publisert på kyrkja.no, torsdag 7. september kl. 07.00. Oversikta vil vise valdeltakinga: Tal på stemmer i dei ulike vala og kor mange veljarar som har stemt digitalt. Resultatet frå digitale førehandsstemmer, altså kor mange stemmer kvar liste har fått, vert offentleg kl. 21.00 på valdagen.  

Oppdatert 7. september kl 07.00: Sjå statistikken her.

Resultat frå val av sokneråd 

I kvart sokn er det eit valstyre som har ansvar for oppteljing og valoppgjer. Resultat for val av sokneråd vil fortløpande bli publisert på resultat-sida på kyrkjevalet.no. Tala blir publisert med atterhald om godkjenning i valstyret. Dei første tala vil venteleg kome 12. september.

Resultat frå val av medlemmer til bispedømeråd og Kyrkjemøtet 

På valdagen 11. september kl. 21.00 vert oppteljinga av dei digitale førehandsstemmene publisert på kyrkja.no. Denne oversikta vil vise tal på stemmer per liste per bispedøme, kor mange personstemmer (tilleggsstemmer og slengjarar) per kandidat, samt kor mange som har stemt blankt. 

Oppdatert 11. september kl. 21.00: Sjå oppteljinga av dei digitale stemmene

Etter planen blir det i løpet valdagen klart kven som skal representere prestane og leke kyrkjelege tilsette i bispedømeråda. Dersom dette er klart til kl. 21.00 vil det kome på kyrkja.no – med atterhald om at valrådet i det enkelte bispedøme skal godkjenne oppgjeret. 

Oppdatert 11. september kl. 21.00: Sjå oppteljinga i val av prest og lek kyrkjeleg tilsett her.

Resultat frå val av resten av medlemmer av bispedømeråda og Kyrkjemøtet  er klart etter nokre dagar. Resultat for det enkelte bispedøme kjem fortløpande på resultatsida på kyrkjevalet.no – etter at alle stemmene er telt opp og oppgjeret er godkjent av valrådet. Dette er klart seinast 22. september, og då vil det kome oversikt på kyrkja.no som viser dei valde  

Oppdatering 22. september kl 14.15: Disse er valgt til Kirkemøtet.

Samisk kyrkjeleg valmøte skal velje nordsamisk og lulesamisk representant 28. oktober i Bodø. Etter dette vil det kome ei samla oversikt over medlemmer i bispedømeråda og Kyrkjemøtet for 2024-2027 

Valdeltaking og statistikk  

Torsdag 14. september vil Kyrkjerådet publisere tabell med førebels statistikk for valdeltaking i kvart bispedøme. På dette tidspunktet er det venta at mange sokn ferdig med valoppgjer og innrapportering.  

Oppdatert 14. september kl 15: Kyrkjevalet: Førebelse tal for valdeltaking

I veke 40 vil endeleg tal vere klare på kyrkja.no. Det vil vise tal for valdeltaking, samt statistikk på kjønns og aldersfordeling m.m. 

Presse

Dersom du ynskjer få tal i forkant med sperrefrist, ta kontakt med kommunikasjonsdirektør Emil Engeset for å avtale.  

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"