Vedtekter for gravplassane i Vestre Slidre

Jfr. lov av 7.juni 1996 nr.32 om kirkegårder, kremasjon og gravferd (gravferdsloven) §21. Vedteke i Vestre Slidre kyrkjeleg fellesråd 12.02.98.Godkjent av kjent Hamar bispedømmeråd 13.03.98. Justert av Kyrkjeleg fellesråd i Vestre Slidre 22.04.04. Justert av Kyrkjeleg felleråd i Vestre Slidre 31.03.11 og 24.04.14 Endringar i følge lov og forskriftar.

  • 1 KYRKJEGARDSTILHØYRING

Avlidne personar i kommuna skal som hovudregel gravleggjast på den kyrkjegarden dei soknar til, dersom dei ikkje vert gravlagde i ein annan kommune.

Dei som bur utanom kommunen kan berre få gravplass etter særskilt løyve frå fellesrådet (soknerådet) og mot å betale den avgift som til ei kvar tid er fastsett.

 

  • 2 FREDNINGSTID OG FESTETID

    Fredningstid for oskeurner er 20 år.
    Fredningstid for kister er 20 år ved Lomen, Slidre og Røn. Ved Øyjar kapell 30 år.
    Festetida er 5 år.

 

  • 3 FESTE AV GRAV

Når kistegrav vert teke i bruk, er det høve til å feste ei grav ved sida av og etter godkjenning frå kyrkjeleg fellesråd for ei ekstra grav i tillegg når det er bruk for det. Desse gravene utgjer då ein gravstad.

      Ved bruk av urnegrav kan ein ikkje feste grav ved sida av.

Når festetida er ute, kan gravstaden festast for 5 nye år. Når det er gått 60 år etter siste gravlegging, kan festet ikkje fornyast utan særskilt samtykkje frå kyrkjeleg fellesråd.

I god tid før festetida er ute skal festaren varslast i brev. Er festet ikkje fornya innan 6 månader, fell gravstaden tilbake til kyrkjegarden.

Ingen kan gravleggast i festa gravstad utan samtykkje frå festaren. Dersom festaren sitt samtykkje ikkje kan innhentast, kan kyrkjeleg fellesråd avgjerde spørsmålet om gravlegging. Festaren pliktar å melde frå om endring av adresse.

Når festaren døyr, må arvingane verte samde om kven som skal overta festeretten. Namn og adresse til den nye festaren skal kyrkjeverja ha melding om.

 

  • 4 GRAV OG GRAVMINNE

Betjeninga på gravplassen vil syte for planering og tilsåing av grava etter gravlegging.Gravminne kan ikkje setjast opp tidlegare enn 6 månader etter gravlegging av kiste. I mellomtida kan ein setja opp eit merke med namn til den døde.

Kyrkjeleg fellesråd skal godkjenne gravminnet og fundament før det vert sett opp på gravplassen. Fellesrådet skal ha melding om kva tid ein ønsker å setja opp gravminnet. Det vert anvist plass for senter av gravminnet. Gravminne skal boltast etter forskriften §24.

Festar er ansvarleg for at gravminne ikkje er i forfall, til sjenanse eller fare for dei som ferdast på kyrkjegarden.

Gravminne kan leggjast ned dersom det ikkje tilfredstiller krav som er sett, eller er ein tryggleiksrisiko.

Kyrkjeleg fellesråd er ikkje ansvarleg for skadar på graver eller gravutstyr med mindre skaden skyldas aktløyse av tilsette på gravplassen.

 

  • 5 PLANTEFELT

Framfor gravminnet er det høve til å opparbeide eit plantefelt i høgd med bakken rundt. Det må ikkje vere breiare enn gravminnet, men kan i alle høve vere opp til 60 cm breitt.

Det kan ikkje stikke lenger fram enn  60 cm, målt frå bakkanten av gravminnet. Det kan

ikkje plantast vokstrar som er høgre enn gravminnet eller går ut over plantefeltet. Det er ikkje høve til å bruke faste dekorting, så som liggjande plater, blomsterurner,  lykter m.v. i plantefeltet. Lause dekorting skal fjernast etter bruk.

Det er heller ikkje høve til å ramme inn grava eller deler av ho med hekk eller daudt materiale (steinar), men det er høve til å ramme inn plantefeltet med ein delt natursteinskant som fluktar med terrenget rundt.

Dersom det ikkje er aktuelt å ha plantefelt, skal det vere grasbakke på alle sider av gravminnet.

Ved fornying av gravfeste kan kyrkjeverja krevja at plantefeltet skal endrast slik at det samsvarar  med gjeldande kyrkjegardsvedtekter.

 

  • 6 PLANTETILFANG

Plantar, kransar og liknande tilfang som vert nytta ved gravferd eller ved pynting av grav og som endar som avfall, skal vere heilt komposterbart.

 

  • 7 STELL AV GRAV

Den som er ansvarleg for frigrav eller   er gravfestar, har rett og plikt til å stelle den grava han har ansvaret for. Plantefelt som ikkje vert tilplanta og stelt skal tilsåast av den ansvarlege eller av tilsette på gravplassen. Kyrkjeleg fellesråd kan syte for årleg planting og stell av grav mot betaling.

 

  • 8 GRAVLEGAT

Mot innbetaling av ein bestemt sum til eit gravlegat, vil kyrkjeleg fellesråd overta ansvar for planting og stell av gravstaden. Gravlegatet vert forvalta av fellesrådet sin daglege leiar som legarstyrar. Den innbetalte summen med tillegg av renter skal dekkje utgiftene til vanleg planting og stell av gravstaden i ei fastsett tid. Det skal i kvart einskild høve opprettast legatavtale.

Gravlegat kan ikkje opprettast slik at det varer lenger enn den fredningstida eller festetida som ligg framføre. Dersom det oppstår slike økonomiske forhold i legattida at midlane ikkje rekk til, skal legatstyraren gje melding om dette til den som er ansvarleg eller festaren. Det er høve til å auke legatet slik at det rekk tida ut.

Vert det ikkje auka, vil stellet av grava ta slutt når midlane er brukte opp.

Dersom det er midlar att av legatet når tida er ute, kan dei brukast av kyrkjeleg fellesråd til å gjere gravplassen vakrare. Gravlegata vert forvalta i fellesskap, men legatstyraren fører rekneskap for kvart legat som vert revidert årleg. Det er høve til å rekne provisjon for administrasjon og revisjon av legatmidlane.

 

  • 9 BÅREROM

Kyrkjeleg fellesråd disponerer bårerom. Slike rom skal berre nyttast til å ta vare på den døde i tida fram til gravferda. Ingen har tilgjenge utan etter løyve. Liksyning kan gjerast etter samtykkje frå den som syter for gravferda og vedkjem ikkje dei tilsette.

 

  • 10 NÆRINGSVERKSEMD

Næringsdrivande som ynskjer å drive verksemd på gravplassane skal ha løyve frå kyrkjeleg fellesråd. Løyve kan tilbakekallast dersom vedkommande ikkje retter seg etter dei reglane som gjeld. Slik verksemd kan berre omfatte montering og vedlikehald av gravminne og planting og stell av graver.

Tilsette på gravplassen kan ikkje engasjere seg i sal av varer eller tenester som har med gravplassen å gjere.

 

  • 11 RO OG ORDEN.

Freden på gravplassen må ikkje bli uroa av støy. Køyring på gravplassane må berre gå føre seg etter løyve frå kyrkjeverja.

Sykling er ikkje tillatt.

Hundar har ikkje tilgjenge til gravplassane.

 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Vestre Slidre kyrkjeleg fellesråd

Kontoradresse: Slidrevegen 20,
2966 Slidre.

Besøksadresse: Kyrkjekontoret, Slidrevegen 20, 2966 Slidre.

Åpningstider: Kyrkjekontoret er ope: måndag til torsdag kl. 09.00 – kl. 15.00
Kyrkjekontoret kan vere stengt i denne tida pga. møte, ferie og anna.

Telefon kyrkjekontoret:  48237798/48122137
Epost: vk766@kyrkja.no

Telefon sentralbord kommunehuset:
61 34 50 00

VIPPS til Røn sokn: 105863
VIPPS til Slidre sokn: 109786
VIPPS til Lomen sokn: 137884

VIPPS til Kyrkjeleg fellesråd: 620343

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"