Søndagstanker 8.nov

Søndagstanker 8.november

Vi har forlete alt……kva er lønna?……

Teksten for dagen står i Markus  10, 28-31.

Peter spør Jesus etter lønn for innsatsen, for seg og dei andre læresveinane.

Og han får svar på det. For å få større forståing av bakgrunnen, er det nyttig å

lese med frå v.17 i kap. 10.

Ein rik, ung mann spør Jesus om kva grep han må ta for å arve evig liv. For å fatte interesse for det spørsmålet, må denne mannen ha oppfatta noko ved Jesu person og hans ferd, og i møte med folk, som vakte tankar han ville finne meir ut av.

 

- Kva må eg gjere for å arve evig liv? Jesu svar opplyser at den som vil arve evig liv i Guds rike, må gje tiltaket topp-prioritet. Alt som kan nemnast frå forhold i dette livet, og denne verda, må setjast til side, dersom eit menneskje vil vinne livet i Himmelriket. Eit absolutt vilkår. Eit vilkår som ikkje må overaske nokon. Vi må hugse kva saka dreier seg om. Då kan vi ikkje ta inn i spelet faktorer av flyktig og forgjengeleg varighet..

 

Jesus vil at vi skal forstå at Himmelriket ikkje kan setjast på linje med andre goder vi kan velje mellom. Himmelriket, det evige livet er av ein heilt eksklusiv kvalitet.

Men, i dagens tekst reiser altså Peter eit anna spørsmål: - Kva gjev du oss i lønn eingong, Jesus? Kva får vi att for å satse liva våre, med alt det innebær, på å fylgje deg?

 

Kva er eigentleg vitsen med å fylgje deg? Andre folk lever eit rolegare liv. Dei satsar på sine eigedomar og aukar velstanden sin. Dei lever vel utan deg. Og ikkje minst, dei skjer klar av motstand og dårleg rykte, slikt som vi må tole frå folk som ikkje likar deg, Jesus.

 

Peter sine takar er ikkje spesielle.  Derimot aktuelle, til alle tider.

Det ligg djupt og vel forankra i vår indre og eigentlege natur, å kjempe for best muleg utbytte, best mulege vilkår, best muleg pensjon og velferd.

- Kva får vi att, vi som har forlete alt, for di skuld? Peter undrar seg.

 

Ingen slepp unna å forlate alt. Dagleg kan vi ta inn informasjon om menneskje som er overaskande rykt ut av tida og inn  æva. Alt, absolutt alt, står att på gravkanten.

Ikkje berre verdiar, men også dei sterkaste og varmaste band mellom kjære på jorda, dei må rivast over.  

 

Alle må forlate alt. Det er berre eit spørsmål om tid.

Jesus svar er eit forsøk på å gje oss hjelp til å lyfte augene, blikket mot sanne verdiar, mot lønna. Som ikkje rustar og rotnar, forvitrar. Jesus har opna ein port, for den som vil gå inn der, til Guds skattar. Ein port inn til ein ny tilværelse, heilt ulik alt vi har erfart og sett i vårt livsløp på jord.

 

Kjernen i lønna som Jesus gjev, er fellesskapet med universets Herre og Skaper. Ingen vil satse på sparing i aksjer og fond der. Og ingen vil sakne det som tok interessa i vår stund på jorda. For alt det er vekke. – Sjå, eg gjer alle ting nye! Dette er av den siste informasjon Jesus gav, i Joh. openb. kap. 21.

 

Der er klokt å ha perspektiv på sitt liv, og sin død. På det vitale valg i livet, og på den løna Jesus forsøkte å holde fram. Framme ved målet vil alle frelste seie: - Tenk at eg i mi stund på jorda overveia å gå ein anna veg gjennom livet, utan Jesus. Han som er den einaste vegen, sanninga og livet. Han leier fram til Faderen. Han lønner forsvarleg alle dei som trur på han, elskar han og fylgjer etter han.

 

Bønn: - Herre, universets skaper og Gud. Lat meg få din hjelp til å lyfte blikket mot det som eigentleg har betydning. Mot skattane i Himmelen. Lat meg ikkje gro så fast i det som er knytt til denne verda, og som eg skal forlate, at det du har tenkt for meg går tapt.

Takk at du har gjeve oss Jesus som har sona for syndene mine. Og som skal lønne dei som elskar og lyder deg. Amen

 Kjell Askeland

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"