Dåp i Bremanger

Når eit barn vert født sender kyrkjekontoret ut orientering om-, og invitasjon til dåp. Kyrkja i Bremanger ønskjer alle velkomen til dåp. Sjå artiklane under for meir informasjon.

Dåpen er ein av dei store dagane i ein familie. Dåpsdagen er ei markering og feiring av barnet som er født. Men den er noko meir. Dåp er eit av kyrkja sine to sakrament. Det er ei heilag handling kyrkja utfører på oppdrag frå Jesus.