Søndagstanker 9.aug

Søndagstanker

10.søndag i treeiningstida. Lukas 5,27-32

Sidan gjekk Jesus ut. Då fekk han sjå ein tollar som heitte Levi. Han sat på tollbua. Jesus sa til han: «Følg meg!» 28 Då stod han opp, gjekk frå alt og følgde Jesus. 29 Levi heldt eit stort gjestebodfor han heime hos seg. Og ein heil flokk tollarar og andre var til bords saman med dei. 30 Farisearane og dei skriftlærde blant deimurra og sa til læresveinane: «Kvifor et og drikk de saman med tollarar og syndarar 31 Men Jesus svara: «Det er ikkje dei friske som treng lege, men dei som har det vondt. 32 Eg er ikkje komenfor å kalla rettferdige, men syndarar til omvending.»

Litt hjelp med å sjå inn i tekstane for denne søndagen:

Salme 32 i GT er lesetekst. Kong David hadde ordna mord på soldaten Urias, slik at han kunne få kona hans, Batseeba. David hadde gjeve hær-leiaren beskjed om å sette Urias på ein hard militærpost, og så trekke unna med-soldatar når striden vart hard. Ingen ville vite omdette. Men Gud visste. Og David sitt samvit leid slik salme 32 beskriv:   « beina i kroppen tærtest bort, medan eg stønna heile dagen. Dag og natt låg Guds hand tungt på meg. Mi livskraft svann som i  heten om sommaren».

sende Gud profeten Natan, som sa: Du, er mannen, som har slege i hel eit menneske. Då sanna David si synd og Gud tok bort syndeskulda. Men synda fekk konsekvensar både for familien og for heile folket. Det gamle Testamentet fortel kva synd er, og kva fylgjeneer.  Kong David var ein mordar, men ein mordar Gud var spesielt glad i. Når Gud tilgjev, gløymer han vårt feilsteg, vi  har ikkje lett for å gløyme.

Salma er og full av framtid, håp og ein god veg å gå. Gud vil leie og gje råd-, men eg skal få bruke eigen tanke og vilje. Sjå salme 32, 8-9:    « 

Eg vil gjera deg vis og læra deg
          den vegen du skal gå,
          eg vil la mitt auge kvila på deg
          og gje deg råd.
          
    9 Ver ikkje lik hest og muldyr, utan vit!
          Deira prydnad er taum og beksel til å tvinga dei med,
          elles kjem dei ikkje til deg.

 

Eit vers frå leseteksten i 1.Petersbrev 3,8-13. For Herrens augefølgjer dei rettferdige, og hans øyre høyrer deira bøn. Men Herrens andlet er vendt mot dei som gjer det vonde.

 

Lukas 5,27-32. Det var tungt for mange å sjå Jesus sosiale omgang med syndarar og dårlege menneske. Jesus opna Guds rike for dei som ikkje fortente det. Det var mange manneske som ikkje forstår Jesus, både då og no, Dette må openbarast.

Tollaren fekk høyre: Fylg meg, og han gjekk frå alt og følgde Jesus. Kanskje hadde Jesu vorte ein lengt i han. Kanskje streva han med liveteller kjende på tomleik og meining. Dette veit vi ikkje noko om.  Men eg veit at det mange menneske i dag som  Gud arbeider med for å kalle til seg.

Når Jesu ord lyder: Følg meg! Då har vi vår nådetid.  

Men når livet sidan går vidare, fortel menneske meg at dei bed utan å få svar. Gud er visst ikkje der for dei.

Gud er ikkje til for oss. Når Gud let seg finna, då er det vår nådetid.

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"