Søndagstanker 2.aug

Søndagstanker

9. søndag i treeiningstida 2020

Lesetekstar:Hos 6,1-3

Matt 11,28-30

Preiketekst:Rom 8,31-39.

8 31 «Kva skal vi så seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss? 32 Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alt med han?
    33 Kven vil koma med skuldingar mot Guds utvalde? Gud er den som frikjenner. 34 Kven kan då fordømma? Kristus Jesus er den som døydde, ja, meir enn det, han vart reist opp og er ved Guds høgre hand, og han bed for oss. 35 Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Naud eller angst eller forfølging eller svolt, å stå naken eller i fare eller framfor sverd? 36 Som det står skrive:
           For di skuld blir vi drepne dagen lang,
           vi blir rekna som slaktesauer.
37 Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss. 38 For eg er viss på at verken død eller liv, verken englar eller krefter, verken det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, 39 verken det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning, skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.»

I Guds rike rekk den sunne fornuft ikkje alltid til. Mange gonger er alt snudd opp ned. Det er ikkje slik som vi skulle forvente at det var. Den normale tankegangen er om lag slik: 1. Skurkane må i fengsel. 2. Det er urettferdig at dei som er gode får straff! – Er det ikkje slik vi tenkjer? Og det er rett og slett ikkje så dumt heller. Det er slik det er og det er slik det må vere – i denne verda!

Men så kjem apostelen Paulus og snur opp ned på dette for dei som høyrer Guds rike til. Paulus seier: Skurkane skal gå fri! Det er så gale at det er ikkje til å tru. Skal skurkane verkeleg gå fri? Apostelen talar om alle dei som høyrer Jesus til. Ja, om alle dei skurkane som høyrer Jesus til. Der finst ikkje andre i Jesu flokk. Berre skurkar. Apostelen Paulus seier ein annan stad at alle har synda og står utan ære for Gud. Og Gud i himmelen og Jesus som kom hit til jorda, dei forstod at desse skurkane aldri ville greie seg åleine eller på eiga hand. Difor måtte Gud sende Jesus hit til jorda for å betale ut kvar den som ville følgje med han på vegen vidare. Og prisen var ikkje liten. Det var dødsdom som venta skurkane. Jesus hadde aldri gjort noko gale eller noko som gjorde han fortent til ei slik straff, men han var villig til å betale denne straffa for å berge skurkane som ville vere ilag med han vidare.

Teksten vår i dag er henta frå eit av dei mest leste kapittel i Romarbrevet. Men vår tekst tar til med eit spørsmål. Kva skal vi så seie til dette? – Kva skal vi seie til dette at skurkane går fri og at den uskuldige fekk dødsstraff? Alt dette handlar om Guds kjærleik til menneska. Og dei som kjem til Jesus og tar imot frikjenninga som han betalte med sitt eige liv, går fri.

Ingen kan skilje oss frå å leve med Jesus – korkje i dette livet eller i himmelen til evig tid. Alle som takkar for det Jesus gjorde og vedkjenner seg trua på hans forsoning og oppstoda frå dei døde, skal bli frelst. Vi treng ikkje sjølve å prøve å gjere oss fortente til eit liv i oppstoda frå dei døde. Jesus har teke den straffa vi skulle hatt og opna vegen for oss til himmelen.

Ingen kan få oss dømde til den evige døden, - for Jesus døydde den døden for oss. Ingen kan bli fråkjende barnekåret hos Gud – for Gud er den som frikjenner dei som trur på Jesus og hans død og oppstode. Alle dei som vil svinge krossmerket hans og vedkjenne seg hans namn.

Og til meir det flokar seg til for oss her i livet – til meir treng vi Jesus med på vegen gjennom livet og døden og til himmelen. Og i evangelieteksten på denne søndagen står det også ord som er ofte sitert. Jesus seier: «Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; og eg vil gje dykk kvile!» Kvile på vegen og kvile i himmelen når han skal hente heim til sin Fars bustad alle dei som høyrer han til her på jord.

Min ven frå studietida som også vart prest, Vidar Kristensen, skreiv ein salme om Guds rike og korleis vi må tenke nytt om trua og livet og den eineståande sjansen vi skurkar har til å få evig liv:

«I Guds rike har ein ikkje same målestokk som her.

Den som trur seg stor, er liten, og dei små er store der.

I Guds rike er ein regel at ein må bli fødd på ny.

Slik ein regel skjønar sjeldan den som sjølv er stolt og kry.

I Guds rike er det ingen som kom inn med kraft og makt.

Alle dei som høyrer til der, blei som barn, har Jesus sagt.

I Guds rike er eg heime, der vil eg for alltid bli.

Dette nye, gode livet skal eg dagleg veksa i.»

Det er dette livet vi er innbedne til å ta imot gjennom dåpen og trua og i nattverdens sakrament der Jesus gir seg sjølv til kvar og ein av oss. Livet i dette underlege Guds rike og livet med Gud som skal vare til evig tid.

Gunnar Torset

Prest i Bremanger

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"