Søndagstanker 12.juli

Søndagstanker 12.juli

Aposteldagen – din lukkedag også?

Lesetekstar: 1. Mos 12,1-4 og Rom 1,1-7

Preiketekst: Luk 5,1-11 Peters fiskefangst – Luk 5,1-11: Ein gong stod Jesus nede ved Gennesaretsjøen, og folket trengde seg om han for å høyra Guds ord. 2 Då fekk han sjå to båtar som låg ved stranda. Fiskarane hadde stige ut av dei og heldt på å skylja garna. 3 Jesus steig ut i ein av båtane, den som høyrde Simon til, og bad han leggja litt ut frå land. Så sette han seg og underviste folket frå båten. 4 Då han hadde tala ferdig, sa han til Simon: «Legg ut på djupet og set garna, så de kan få fisk.» 5 «Meister», svara Simon, «vi har streva i heile natt og ikkje fått noko. Men på ditt ord vil eg setja garna.» 6 Så gjorde dei det, og då stengde dei slik ei mengd med fisk at garna heldt på å rivna. 7 Dei gav teikn til arbeidslaget i den andre båten at dei skulle koma og ta i med dei. Og då dei kom, fylte dei begge båtane, så det var nære på dei sokk. 8 Då Simon Peter såg det, kasta han seg ned for Jesu føter og sa: «Gå frå meg, Herre! Eg er ein syndig mann.» 9 For både han og alle som var med han, vart fulle av otte og undring over fiskefangsten dei hadde fått. 10 Like eins var det med Jakob og Johannes, sønene til Sebedeus, som fiska saman med Simon. Men Jesus sa til Simon: «Ver ikkje redd! Heretter skal du fanga menneske.» 11 Så rodde dei båtane i land, gjekk frå alt og følgde han.

Denne søndagen er kalla aposteldagen, og det er naturlegvis fordi den handlar om at apostlane vart kalla til å følgje Jesus. Vi har fått kanskje den mest dramatiske fortellinga i heile Lukasevangeliet til preiketekst. Fortellinga om den store fiskefangsten som førte til at Peter følgde kallet og vart ein Jesu apostel. Det store fiskeunderet er sjølvsagt ein del av dette, men underet i seg sjølv er ikkje den viktigaste lærdomen på denne dagen.

Den viktigaste lærdomen er at i Guds rike skjer det meste MOT NORMALT. Ikkje slik vi skulle forvente eller etter det som ville vere mest naturleg for oss.

Då Jesus var ferdig med å lære folket, steig han i land. Så vende han seg til Simon, og sa: «Legg ut på djupet og kast nota, så de kan få fisk.» Eg reknar med at Simon og venene hans var slitne og trøytte etter ein lang arbeidsdag då Jesus kom med denne oppmodinga. I tillegg til det så var det feil tid på døgnet og truleg også på ein stad på djupet der det ikkje var mykje fisk å få. Dei hadde gjort så godt dei kunne – og det var sikkert det beste dei fekk til – men ingen ting fått. Svarte garn. Det er rett og slett demotiverande for fornya forsøk. Fornuften tala for at dei no skulle gå heim og kvile. Det ville vere mest naturleg.

Det står ingen ting om at Simon no hadde lita eller stor tru på det han var i ferd med å gjere. Berre dette at han ville gjere som Jesus sa. Så langt handlar dette om å vere lydig imot kallet han hadde fått. Kallet frå Jesus om å kaste nota igjen.

Då vart det slutt på svarte garn. Dei fekk så mykje fisk at alle båtane måtte i sving, og det var nære på at dei sokk. Men kva no? Det naturlege ville kanskje vere at Simon retta seg opp og sa: ‘Tusen takk. Godt jobba, Meister! – Dette skal bli gode greier.’ Men det var ikkje det som hende. Simon såg og forstod at han sto fram

for ein heilag og allmektig Herre. Simon såg på sitt eige liv og kjende sterkt på at han ikkje passa ilag med Jesus. Han kasta seg ned for Jesu føter, og sa: «Gå frå meg, Herre! Eg er ein syndig mann.»

Simon gjorde bot i møte med den heilage. Det naturlege ville vere at Jesus respekterte Simon, og sa at eg er lei meg for at det er slik, men eg vil respektere at du kjenner det slik. Men i møtet med Jesu skjer ikkje det som er naturleg, men det som er umogleg. Jesus gjer eit nytt under. Han omskapar ein syndig mann til ein apostel. Til ei læresvein og ein apostel. Han gir fiskaren Simon eit nytt liv og ei ny framtid.

Aposteldagen kan gi også deg eit nytt liv og ei ny framtid. Ikkje på naturleg vis, men etter kall og lydnad imot Guds ord. «Meister, på ditt ord vil eg kasta nota,» sa Simon Peter. Han som vart leiaren mellom apostlane i Jerusalem. Det vart hans redning og det kan bli vårt motto for livet.

Gunnar Torset

Vikarprest i Ytre Bremanger

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"