Søndagstanker 31/5-20

Pinsedag 2020

Lesetekstar:       1 Mos 2,4-9

                           Rom 8,9-11

Evangelietekst: Joh 20,19-23

«Det var om kvelden same dagen, den første dagen i veka. Læresveinane var samla og hadde stengt dørene, for dei var redde jødane. Då kom Jesus; han stod midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!» Då han hadde sagt det, viste han dei hendene sine og sida si. Læresveinane vart glade då dei såg Herren. Igjen sa han til dei: «Fred vere med dykk! Som Far har sendt meg, sender eg dykk.» Med desse orda anda han på dei og sa: «Ta imot Den heilage ande! Tilgjev de nokon syndene deira, er dei tilgjevne. Held de syndene fast for nokon, er dei fasthaldne.» Heilage Far, helga oss i Sanninga. Ditt ord er Sanning. Amen.

Av høgtidene er det nok jula som er mest kjent blant folk flest. Ikkje minst for jula sine rike familietradisjonar, men også fordi det kyrkjelege innslaget i desse tradisjonane er stort. Og om vi skal sette ei overskrift over jula, så kan det vere KRISTUS KOM. Jesus vart fødd inn i verda og dermed kunne han leve og virke her i ei kort tid.

Påskehøgtida er nokså godt kjent. Framleis er det mange som veit at det var då Jesus vart teken til fange og krossfest. Men påskebodskapen handlar ikkje berre om Jesu død, den handlar også om at han sto opp frå dei døde. Mange, over heile verda, helsar kvarandre på påskedagen med helsinga: KRISTUS ER OPPSTADEN! Og så langt har mange framleis kjennskap til og kanskje også tru på at det er sant. Og det er bra!

Men når vi kjem til pinsebodskapen er mange ramla av. Både når det gjeld kva pinsa handlar om og kva dette betyr for oss. Det er ikkje så rart at det er slik. Læresveinane hadde følgt Jesus til krossen og grava. Dei hadde høyrt av Maria at han var stått opp frå dei døde, men likevel var dei samla bak stengde dører fordi dei var redde. Med god grunn. Dei var redde etter det som hadde hendt. Men pinsebodskapen redda dei ut av denne angstfulle situasjonen. Pinse er to ting. Det eine og viktige ser vi av teksten vår i dag. Då kom Jesus. JESUS STO MIDT IMELLOM DEI. Det er pinse. Det er pinsa sin bodskap og røyndom. Kristus kom (i jula), døydde og sto opp frå dei døde (i påska) og han kom tilbake og er midt imellom oss som den oppstadne. Jesus var krafta frå det høge som lækte sjuke og tilgav synder då han gjekk ikring med læresveinane sine. No er Kristus her ved Den Heilage Ande der hans kraft er gjeven til kyrkja ved Ordet og Anden. Det var dette Jesus sa då han kom attende som den oppstadne: «Fred vere med dykk! – Ta imot Den Heilage Ande! – Tilgjev de nokon syndene deira, er dei tilgjevne.» Det var dette Jesus gjorde. Det er dette han gjer ved sin Ande og ved si Kyrkje fordi han framleis er midt imellom oss ved Ordet og Anden. Så vi må halde fast på høgtidene: KRISTUS KOM – KRISTUS ER OPPSTADEN – KRISTUS STÅR MIDT IMELLOM OSS! God Pinse!

Gunnar Torset

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"