Søndagstanker 19.juli 2020

Søndagstanker 19.juli

Søndagstekstane 7 søndag i treeingstida. Lukas 15,1-10

Alle tollarane og syndarane heldt seg nær ved Jesus og høyrde på han. 2 Men farisearane og dei skriftlærde murra og sa seg imellom: «Denne mannen tek imot syndarar og et i lag med dei.» 3 Då fortalde han dei denne likninga: 4 «Om ein av dykk har hundre sauer og mistar éin av dei, lèt han ikkje då dei nittini vera att ute i øydemarka og går av stad og leitar etter den bortkomne sauen til han finn han? 5 Og når han har funne han, blir han glad og tek han på akslene sine. 6 Straks han kjem heim, kallar han saman vener og naboar og seier til dei: ‘Gled dykk med meg! Eg har funne att den sauen som var bortkomen.’ 7 Eg seier dykk: På same måten er det større glede i himmelen over éin syndar som vender om, enn over nittini rettferdige som ikkje treng omvending. 8 Eller om ei kvinne har ti sølvpengar og mistar éin, tenner ho ikkje då ei lampe og sopar heile huset og leitar vel til ho finn han? 9 Og når ho har funne han, kallar ho saman veninner og nabokoner og seier: ‘Gled dykk med meg! Eg har funne att det pengestykket eg hadde mista.’ 10 På same måten, seier eg dykk, blir det glede mellom Guds englar over éin syndar som vender om.»

I 1.Mosebok 16,1-13 les vi om Abraham og Sarai som var gamle og barnlause. Gud hadde lova ei stor slekt, tallaus som havsens sand. Tomme løfter,ser dei, som det ikkje blir noko av! Abaham tok seg slavekvinna Hagar til medkone og dei fekk sonen Ismael. Dette enda med ufred, Sarai jaga ut Hagar og Ismael. Men så møter vi Guds omsorg for slavekvinna. Guds engel leita opp Hagar som var på rømmen ute i øydemarka og fekk ho til å dra heim att. Ein dag skal Ismael bli stamfar til alle arabarfolka.

«Du er ein Gud som ser meg» var namnet Hagar gav på plassen der Gud fann ho i øydemarka. Gud hadde sin plan.

I 1.Johannesbrev 4,7-10 les vi:

7 Mine kjære, lat oss elska kvarandre, for kjærleiken er frå Gud, og kvar den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud. 8 Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud, for Gud er kjærleik. 9 I dette vart Guds kjærleik openberra mellom oss, at han sende sin einborne Son til verda så vi skulle ha liv ved han. 10 Ja, dette er kjærleiken, ikkje at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt sin eigen Son til soning for syndene våre.

I preiketeksten høyrer vi om Guds omsorg for dei som har gått seg bort. Alle visset at farisearar, skriftlærde og menneske som hadde skikka seg vel og blitt til noko, dei hadde verdi. Men korleis tenkjer Gud når han set i sving stor leiteaksjon for å berge, ein einaste liten. I likningane om dei 100 sauene og dei 10 sølvpengane møter vi Guds omsorg for den bortkomne. Begge likningane har same mønster. Når Gud finn det han hadde mista, blir det fest. Det blir større glede blant Guds englar over den eine attfunne, enn gleda over alle dei han har.

Kva er Jesu poeng? Når ein syndar vender om , snur seg rundt, får livet ei ny retning. Er omvending noko ein bestemmer seg for? I likningane er Gud personen som leitar etter det han har mista / det som har kome bort.

Eg har snakka med personar som har vore på sauesanking. Dei fortel om sauer som ein ikkje klarer å finne att, eller om sauer som komne for langt bort til å bli funne, eller som gøymer seg for dei som leiter. Gud leitar. Vi kan la oss finne av Gud. Så verdifull er eit lite forkome menneske. Og så stor er gleda hos Gud for den minste og mest ubetydelege, som kjem heim att til plassen ein høyrer til.

Eit slikt sinnelag har ikkje vi. Men slik er Guds kjærleik. Guds kjærleik veks fram hos dei som tek Jesus på ordet, når han sa: Fylg meg

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"