Dåp

Når eit barn vert boren til dåp vert vi minna om at ingen kan bere seg sjølv. Gjennom dåpen vert vi ein del av kyrkja, eit fellesskap som strekker seg over heile verda - og gjennom alle tider. Det er ei markering der bornet har alle sine viktigaste støttespelarar rundt seg, og der Gud lovar å følge bornet alle dagar.

Jesus døypte ikkje, men utfordra menneske han møtte til å vere saman med han og følgje han.

Etterfølgjarane til Jesus fekk i oppdrag å gje dåpen vidare til menneske over heile verda og å undervise om Gud sin gode vilje med menneska sine liv. 

Ønskjer du dåp i ei av kyrkjene i Vang, ver vennleg å ta kontakt med soknepresten på telefonummer: 926 53 320 eller epost il597@kirken.no.

Sitat

For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

Evangeliet etter Johannes, kap. 3, vers 16