- Alt og alle drog i same retning. Frå presten i kyrkja sa: You may kiss the bride og applausen braut laus. Dotter mi, Hilde, spurte om me ikkje kunne ha ein slik fest kvart år.
- Me er begge med i Leikanger MC-klubb. Etter bryllaupet reiste me 17 dagar med motorsykkel på tvers av USA, 460 mil på Route 66.
- Som gutunge var eg alltid med far i kyrkja på julaftan, medan mor lagde julemiddagen. Eg har gode minne frå den tida.
- Eg har eit ganske fredeleg forhold til kyrkja, men det finst mange ulike slags kristne, både på godt og vondt. Eg taklar ikkje kristne som skal påleggja andre sitt eige syn på ting. Eg respekterer kristne; dei må respektera meg og det eg står for.
- Utmelding er ikkje aktuelt for min del. Me treng noko som står støtt. Eg melder meg ikkje ut. Og presten er god å ha, både i glede og sorg.
Øystein er frå Leikanger, har tre vaksne barn frå tidlegare ekteskap. Han gifta seg med Christin 7. juni 2014. Han er leiar i Leikanger MC-klubb.
Utdrag frå side 104 i Kyrkjefolk av Egon Askvik (Skald forlag)