Skjærtorsdag – Jesus innstiftar nattverden

nattverden2_mauricio_romero.jpg
Última Cena (Det siste måltid eller Nattverden), måleri av Mauricio Romero, nedlasta frå kunstnaren si nettside.

Eg likar dette biletet mykje betre enn Leonardo da Vinci sin berømte versjon. Det er så mykje meir intimt. Dette inntrykket vert skapt av fleire ting: halvmørkret i romet, med lys frå bordet som gjev skuggar på veggane, gløtta av skumring ute, og også dette at dei ligg til bords (som dei faktisk gjorde). Sjølve romet er også meir rustikt og intimt.

Kva føregår på biletet? Er det her Jesus viser kven som skal forråde han? Eller er det her han kjem med orda som innstiftar nattverden? Både Matteus, Markus og Lukas fortel om innstiftinga av nattverden; men det er Paulus som har gjeve oss den versjonen som vi brukar mest, i 1 Korintarbrev 11,23–25:

Den natta Herren Jesus vart sviken,
tok han eit brød, takka, braut det og sa:
«Dette er min kropp, som er for dykk.
Gjer dette til minne om meg!»
Like eins tok han begeret etter måltidet og sa:
«Dette begeret er den nye pakt i mitt blod.
Kvar gong de drikk av det, gjer det til minne om meg!»

Der er ein del ulike syn på nattverden. Somme vil ta desse orda bokstaveleg, noko som leier til idéen om realpresens. Andre ser nattverden som reint symbolsk. Eg håpar at det vi i alle fall kan seie, er at nattverden er eit minnemåltid og eit fellesskapsmåltid. Det minner oss – på ein annan måte enn med ord – om kva Jesus har gjort for oss, og at vi kan ta imot han. Og det viser at vi er eit fellesskap, vi er til saman Jesu «kropp». Vi skal ikkje kvar for oss vere «små Jesusar», men vi skal saman vere ein stor «Jesus».

Sjå Matteus 26,26–29, Markus 14,22–25, Lukas 22,14–20, 1 Korintarbrev 11,23–25.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"