Langfredag – Jesus døyr og vert gravlagd

natt_golgata.jpg
Natt på Golgata (Ночь на Голгофе), Josef frå Arimatea tek med seg Jesu døde kropp. Måleri av av Vasilij Petrovitsj Veresjtsjagin (1835–1909), nedlasta frå Wikimedia.

Å drepe folk er grusomt, men korsfesting er ei forferdeleg liding før døden i tillegg. Korleis kan menneske gjere sånt mot kvarandre? Eg for min del orkar knapt høyre Jesu korsfesting utmalt i detaljar, eller sjå bilete av det. Då er det litt betre å sjå eit bilete som dette, der det heile er over. Her har dei lidande endeleg fått fred; skjønt det er dødens fred, og lidinga held fram i hjerta til alle dei som var glade i dei døde.

Vi ser at det har vorte natt. Dei to andre som vart korsfesta heng der framleis. Men oppetter Jesus kors står ein stige, og ei lita gruppe går berande vekk med kroppen hans.

Eigentleg trong ein vel ikkje stige for å nå opp, og ingen av dei døde vart vel hengande etter at det hadde vorte mørkt. Men… kunstnerisk fridom.

Stemninga er tung og dyster, svarande til sorga dei gjenlevande kjenner på. Det lyser likevel eit lys imellom dei. Lyset kan kanskje symbolisere den kjærleiken dei har til Jesus, og den truskapen dei enno føler på mot han, sjølv om han er død.

Det er ein Josef frå Arimatea som tek initiativ til dette. Lukas fortel at han var ein rådsherre som var ein god og rettferdig mann, og hadde ikkje vore med på det dei andre hadde vedteke og sett i verk. Alle dei fire evangelistane fortel om dette, med litt forskjellige detaljar. Markus seier:

Det var førebuingsdagen, som er dagen før sabbaten, og det leid alt mot kveld. Josef frå Arimatea, ein høgt akta rådsherre som sjølv venta på Guds rike, tok då mot til seg og gjekk til Pilatus og bad om å få Jesu kropp. Pilatus undra seg over at Jesus alt var død. Han kalla til seg offiseren og spurde om han hadde vore død lenge. Då han fekk dette stadfest av offiseren, lét Pilatus Josef få liket. Josef kjøpte eit linklede, tok Jesus ned og sveipte han i det. Han la han i ei grav som var hoggen ut i bergveggen, og rulla ein stein framfor gravopninga. Maria Magdalena og Maria, mor til Joses, såg kvar han vart lagd.

Sjå Matteus 27,57–61, Markus 15,42–47, Lukas 23,50–56, Johannes 19,38–42.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"